Hopp til innhold

Markahyttene har blitt trendy

Er det ei hytte langt inn på vidda du tenkjer på når du ser for deg ei DNT-hytte? Det er faktisk dei som ligg nær byen som er mest populære.

Folksomt på DNT-hytte

Turisthytta Goliaten hadde i gjennomsnitt over to gjester kvart døgn i 2017. På palmesundag var over 100 skituristar innom på open dag.

Foto: Øyvind Leirset / DNT

– Det her er ei skikkeleg perle.

Sigrid Dyrnes og Eli Faldlbakken Kvarme har akkurat låst seg inn i ei lita raud koie i Finnemarka i Drammen.

Damer på markahytte

Når ein "sjekkar" inn på ei markahytte er hente vatn og fyre i peisen ofte det fyrste ein må gjere, og sjølvsagt skrive seg inn i hytteboka.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Meir besøkt enn fjellhyttene

Garsjøkoia ligg 50 meter frå vatnet og 250 meter frå nærmaste parkeringsplass.

Det er desse svært tilgjengelege hyttene som er dei mest populære hos Turistforeninga om dagen.

– Bruken er større her gjennom året enn fjellhyttene. Me opplever ei stor auke på hytter som denne, fortel Simon Torgersen, leiar i DNT Drammen og Omegn.

2017 hadde dei ei auke på heile 30 prosent på talet på gjester på dei sju skogshyttene deira. Turistforeininga i Drammen betjener også åtte hytter på fjellet, mellom anna Mårbu og Rauhellern på Hardangervidda.

Simon Torgersen på Garsjøkoia

Simon Torgersen, leiar i DNT Drammen og Omegn, trur det at ein kan leige heile hytta og få meir privatliv, gjer markahyttene populære.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Likevel er Goliaten i Drammensmarka, med åtte sengeplassar, ein av dei mest besøkte. Der var det i gjennomsnitt over to gjester kvart einaste døgn i fjor.

Til og med på julaftan var hytta full.

Bollerekord på Kobberhaughytta

Over heile Austlandsområdet er trenden den same, både i Oslo, Telemark og Østfold som har mange skogshytter.

– Det er veldig stor etterspurnad etter hyttene, og dei siste ti åra har det berre auka og auka. Det seier kommunikasjonssjef i DNT Oslo og Omegn, Kari Merete Horne.

Rett nok har det vore ei nedgang det siste året, men frå 2014 til 2016 var auken kraftig.

I 2014 hadde DNT Oslo og Omegn litt i underkant av 24.770 gjestedøgn på sine ubetjente hytter, men det to år seinare var oppe i 28.350.

– Me har utvida tilbodet med ei ny hytte kvart år dei siste fire åra, seier ho.

DNT Oslo og Omegn har 85 hytter i fjellet og 27 skogshytter. Kobberhaughytta i Nordmarka er ein av dei mest populære og har verkeleg vore trendy i vinter.

– Dei har aldri seld så mange bollar som dei har gjort denne vinteren. Dagsbesøket har vore langt betre enn på lenge.

Fuglemyrhytta

Denne nye moderne hytta opnar like bak det populære turmålet Vettakollen i haust. Dølerud i Østmarka og Halvorsenhytta i Vestmarka er andre hytter DNT har opna dei siste åra.

Foto: Snøhetta

– Meir privatliv

Torgersen trur grunnen til den store auken, er ei endring som eigentleg strider imot grunntanken til DNT.

– Me har jo innført noko som har vore uvanleg i DNT-samanheng. Nå kan ein leige heile hytta og det gjev så klart meir privatliv. I tillegg ligg desse hyttene nære, seier Torgersen og legg til:

– Ein kan gjere det på sparket og ta med heile familien på tur ein fredagsettermiddag.

Det er dei to damene som tok skia fatt til Garsjøkoia denne dagen, einige i.

– Ein treng ikkje å planlegge så lenge på førehand. Eg treng berre å pakke sekken og køyre ein kort tur, smiler Dyrnes.

Damer på hytte

Sigrid Dyrnes og Eli Faldlbakken Kvarme brukar markahyttene mykje og bestilte heile hytta fyrste del av påska.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK