Vil at fleire unge skal satse på reiseliv

GEILO (NRK): Norsk reiseliv er avhengig av at fleire unge nordmenn satsar på bransjen, meiner Virke. På Geilo opnar landets fyrste toårige reiselivsfagskule i januar.

Thale Myhre jobbar i resepsjonen på Vestlia resort på Geilo

Thale Myhre har jobba i resepsjonen på Vestlia resort sidan mars. Oslojenta trur ho kjem til å satse på ein karriere i bransjen.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

– Personleg føler eg sjølv at eg passar til serviceyrket.

Thale Myhre (26) står i hotellresepsjonen på Vestlia resort på Geilo. Etter fire-fem år som servitør trur ho at ho endeleg har funne yrkesvegen ho skal gå.

Ho har blitt enda sikrare etter å ha høyrt at det blir mogleg å utdanne seg i bransjen, nettopp på Geilo.

Startar reiselivsfagskule på Geilo

– Det har vore vanskeleg å utvikle seg innanfor servicebransjen. Det at ein kan begynne å ta fag i det, og få ei utdanning innanfor service trur eg er kjempebra for veldig mange, seier Myhre.

Geilo

Geilo ligg i landets nest største hyttekommune Hol og er ein av landets aller mest populære vinterdestinasjonar.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

I januar startar det opp reiselivsfagskule på Geilo. Den einaste liknande fagutdanninga i landet har vore eit eittårig studieløp i Lofoten.

Ivar Horneland Kristensen er administrerande direktør i Virke og meiner det er eit stort behov for at nordmenn satsar på reiselivsbransjen.

 Ivar Horneland Kristensen

Ivar Horneland Kristensen i Virke synest det er på tide at det blir satsa på reiselivsfagutdanning i Noreg.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Eg trur det er heilt avgjerande at me har rekruttering i våre eigne rekker inn i denne næringa. Det er trass landet vårt og kulturen vår me skal selje. Så er dette sjølvsagt ein internasjonal bransje og me er avhengig av internasjonal arbeidskraft i tillegg, seier Kristensen.

Bransjen prega av lite utdanning

I turistbygda startar 20 elevar i januar på eit toårig studieløp og kan velje mellom hotell- og restaurantleiing eller reiselivsleiing og opplevingsutvikling.

Hotellsjef for tre av dei store hotella på Geilo, Roger Espeli, meiner næringa sårt treng fagkompetanse.

– I dei fleste yrke må du jo ha ei utdanning for å få jobb. I vår bransje har det vore preg av at ein ikkje treng det. Nå blir personlegdom og evne til å jobbe hardt og sjølvstendig viktig framover også, men å få fram fleire menneske med fagleg bakgrunn er viktig for bransjen, meiner Espeli.

Roger Espeli og resepsjonist Thale Myhre

Av dei 237 tilsette på dei tre hotella (Vestlia, Bardøla og Highland lodge) Roger Espeli er direktør for, er 150 av dei norske.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

170.000 personar jobbar innanfor reiselivet i Noreg i dag. Virke peikar på at reiselivet er ei næring som kjem til å vekse framover.

– Det å auke kompetansen i næringa vil også vere med å auke verdiskapinga og innovasjonskrafta, og dei moglegheitene Noreg har som reiselivsnasjon. Da må me også få våre eigne til å satse i denne bransjen, meiner Kristensen.

Jobbar ofte berre eitt år

Geilo Fjellandsby

Geilo har vekst seg større og større som ein heilårsdestinasjon. I sommar var det over 475.000 overnattingsdøgn i sommarmånadane.

Foto: Stein Herland Eiendom AS

I hotellresepsjonen på Geilo innrømmer Thale Myhre at hotellyrket ikkje har den høgaste statusen blant unge. Men det kan endre seg om det blir meir vanleg at fleire tek utdanning, trur ho.

– Absolutt. Det er veldig ofte i servicebransjen at ein anten sluttar etter eitt eller to år elles blir ein ståande stille i ti år. Det å kunne utvikle seg i det ein har lyst til å drive med er jo alles draum, smiler Myhre.