Hopp til innhold

– Sorry, mygg! Me saknar deg ikkje

RÅDE/DRAMMEN (NRK): Den varme sommaren gjer at det ikkje kjem so mykje mygg som venta.

Mygg

FLAUMMYGG: Varmen gjer at det ikkje blir so mykje flaummygg som venta.

Foto: www.colourbox.com / Colourbox.com

På hytta i Råde kan Therese Bjor Rønningen nyte sommardagane utan ubehag frå myggen.

– Eg har kjøpt ein ny myggspray som står ubrukt. Me treng den ikkje.

Det er spesielt flaummyggen som blir påverka av varmen.

Dette er mygg som utviklar seg i vassdammar som ligg att etter flaum. Vårflaumen i Sør-Noreg førte til at bebuarane langs Mjøsa, oppover mot Ringebu, Nordre Øyeren, Lågendeltaet og rundt Tyrifjorden fekk ein stikkande start på finvêret.

Helgelandsmoen var ein av stadene som var kraftig påverka tidlegare i sommar.

Men sommarvarmen gjer situasjonen mykje betre.

Varmen fjernar vassdammar

Therese Bjor Rønningen

UBRUKT MYGGLYS: Therese Bjor Rønningen har eit mygglys klart til bruk, men treng ikkje å bruka det.

Foto: Tomas Berger / NRK

Flaummyggen kan få to generasjonar i året. Men for å gjere det treng dei fuktige område. Den langvarige og intense varmen gjer at flaummyggen ikkje lenger har gode plassar å leggja egg.

Tidlegare i sommar venta avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet, Preben Ottesen, at myggåret ikkje kom til å bli betre før snøen kom.

Men no fortel myggeksperten at myggen ikkje får sin andre generasjon.

– Det blir nok berre myggen som klekte i vår som framleis er der, seier Ottesen.

– Når fleire vassdammar der mygglarvane kan utvikle seg tørkar ut, so blir det færre mygg, fortel professor i entomologi ved NMBU, Tone Birkemoe.

Likar seg ikkje i solsteika

Therese Bjor Rønningen saknar ikkje besøk av myggen på hytta,

– Me sit utover kvelden og treng ikkje å tenne mygglys. So dette er heilt topp. Sorry, mygg! Me saknar deg ikkje.

– Dei fleste mygg i Noreg held seg vekke frå sterk sol på dagtid, men dei likar godt varmt, vindstille og litt lummert vêr. Då blir dei meir aktive, seier Ottesen.

Preben Ottesen

MYGGEKSPERT: Preben Ottersen er avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet og myggekspert.

Foto: Anette Torjusen / NRK

So sjølv om flaummyggen ikkje kjem til å få ein andre generasjon for året vil myggen framleis vere på plass der han allereie har klekka egg.

– Det blir ikkje fleire mygg, men dei kjem framleis til å vere aktive.

Påverkar ikkje neste myggår

Men færre mygg enn venta i år har diverre lite å seie for neste år.

– Den fyrste generasjonen med mygg har lagt sine egg allereie so dei ligg klare for neste år, seier Ottesen.