Hopp til innhold

Flaumen gjev ekstremt myggår: – Ein blir litt desperat

HOLE (NRK): Vårflaumen på Austlandet gjer at myggen blir ekstra irriterande i sommar. På Helgelandsmoen i Buskerud orkar ikkje barna å leike i hagen.

Mygg

Har du blitt meir irritert av mygg enn vanleg i vår? Det er mest sannsynleg storflaumen som er årsaka.

Foto: Ut i naturen / NRK

– Det øydelegg jo litt av sommaridyllen. Det er nokre ettermiddagar der me har stått og grilla, slått rundt oss og nesten kasta biffen av garde. Ein blir jo litt desperat.

Må tømme myggmaskina kvar dag

Lene Døhlen-Jacobsen og venninne og nabo Kristin Orebråten står i hagen ein solfylt føremiddag på Helgelandsmoen i Hole.

Dagens myggfangst

Lene Døhlen-Jacobsen og Kristin Orebråten er godt vant med mygg, men i år har det vore i overkant.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Myggen svermar rundt dei to som er på veg for å tømme myggmaskina.

Igjen.

– Me må tømme ho kvar dag nå, seier Døhlen-Jacobsen og viser fram ein fullstappa plastpose med døde insekt.

Naboane veit godt at område dei bur i er kjent som eit mygghol. Men denne våren har vore langt verre enn vanleg. I hagen er det både trampoline, fotballmål og leikeapparat. Orebråten fortel at dei er lite i bruk.

Myggmaskin

Midt i hagen står myggmaskina og durar. Som regel må Lene Døhlen-Jacobsen og Kristin Orebråten tømme ho kvar dag.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

– Etter eit par minutt vil barna inn.

Verst rundt dei store vassdraga

Ein av landets fremste ekspertar på mygg, Preben Ottesen er ikkje overraska. Han fortel at austlendingar må belage seg på ein stikkande sommar.

– Det som er spesielt i år at me har ein oppsving av dei såkalla flaummyggane, fortel Preben Ottesen som er avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet og forklarer vidare.

– Det er mygg som utviklar seg i dei dammane som blir att etter at flaumen har trekkje seg tilbake. Etter storflaumen på Austlandet i vår, blei det mange slike små dammar. Langs Mjøsa, oppover mot Ringebu, Nordre Øyeren, Lågendeltaet og altså her rundt Tyrifjorden har me fått beskjed om problem med mykje mygg, seier Ottesen.

Preben Ottesen

Preben Ottesen er ein av landets fremste forskarar på mygg.

Foto: Anette Torjusen / NRK

Blir ikkje betre før til vinteren

Myggekspert Ottesen har heller ikkje noko gladnyheit til familiane. Myggåret tek ikkje slutt med det fyrste.

– Når blir det mindre mygg?

– Til vinteren, ler Ottesen.

– I motsetning til dei andre myggane, kan flaummyggen ha to generasjonar i året. Om det kjem normalt regnvêr og ein normal varm sommar vidare vil det halde fram som nå, forklarer Ottesen.

Verst når ein har besøk

Familiane på Helgelandsmoen har til ein viss grad klart å venje seg til myggen. Det er verre når det kjem besøk.

Det verste er når me får besøk. Dei som ikkje er vande med myggen. Me tilbyr jo alt av det me har av myggspiralar, serviettar, roll-on og sprayar, men etter ganske kort tid vil gjestene inn.

Myggmiddel

Spray, roll-on og myggljos har familiane nok av, men nå om dagen er det ikkje nok.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

– Kor mykje meir toler de?

– Det nærmar seg maksgrensa, ler dei to naboane.