Hopp til innhold

NM-arrangør føler seg lurt: – Vær ærlege neste gong

Skiskyttarforbundet tok sjølv initiativ til å flytte NM for å få større interesse. Resultatet blei eit NM utan dei største profilane og ein avslutningsdag med berre ein landslagsløpar på start.

pallen nm-sprint ål

Pallen etter NM-sprinten for kvinner laurdag var heilt utan innslag frå landslaget. Eline Grue vann gullet, men fekk berre motstand frå to landslagsløparar, Emilie Kalkenberg og Thekla Brun-Lie.

Foto: Malin Jørnholt / NRK

– Det har vore utruleg frustrerande. Forbundet burde vore opne og ærlege med oss.

Tore Bøygard var rennleiar i NM på Ål og er visepresident i det internasjonale skiskyttarforbundet. Han brukte laurdagsnatta på å skrive ein lang og frustrert mail til toppane i det norske skiskyttarforbundet.

Ville ikkje ha arrangert NM så tidleg

– Det var den sportslege leiinga i forbundet som ville ha meisterskapet så tidleg i sesongen, ikkje oss. Om me hadde visst at dei beste utøvarane ikkje nødvendigvis kom til å stille, ville me aldri ha tatt på oss arrangementet i januar, seier Bøygard.

tore bøygard

Tore Bøygard trur noregsmeisterskapen mista ein del interesse både lokalt på arenaen og i media da det blei kjent før helga at dei beste ikkje kom til å stille.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

NM i skiskyting har i nyare tid alltid blitt arrangert etter at verdscupen er ferdig. Ål har lenge visst at dei skulle arrangere NM, men fekk seinare førespurnad om å dele opp NM med del ein i januar.

Arrangørklubben stilte to krav: Direkte TV-dekning og at dei beste landslagsutøvarane skulle stille.

Til start på søndagens to fellesstartar kom berre Ingrid Landmark Tandrevold frå dei to elitelandslaga. Dei tre største profilane Tiril Eckhoff, Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø stilte ikkje til start på nokre av dei to renna.

Stor økonomisk risiko

– Me er ein liten klubb og tek ein svær økonomisk risiko ved å sette i gong ein så stor TV-produksjon, seier Bøygard.

Å sende NM-renna direkte kostar mellom 1,8 og 2 millionar kroner for klubben, ifølgje rennleiaren.

Tiril Eckhoff

Den største stjerna på kvinnesida, Tiril Eckhoff meinte ho måtte prioritere trening etter ein dårleg periode i jula, framfor å delta i NM på Ål som blei arrangert i helga.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Hanevold forstår frustrasjonen

NRKs skiskyttarekspert Halvard Hanevold forstår frustrasjonen til NM-arrangørane. Han meiner skiskyttarforbundet har skapt feil forventningar.

– Her har det vore dårleg kommunikasjon internt i forbundet, mellom dei som ynskjer å ha NM nå og utøvargruppa. Arrangørane har blitt førespegla ei anna deltaking enn det dei fekk. Når forbundet opnar for at dei ikkje må gå, så forstår eg jo utøvarane, seier Hanevold.

Halvard Hanevold

Halvard Hanevold forstår godt at NM blir nedprioritert midt i eit tøft verdscupprogram. – Neste gong må tidspunktet for NM vere godt forankra i heile forbundet og utøvargruppa, meiner han.

Foto: Anders Rove Bentsen

Sjølv om tidspunktet for NM ikkje er ideelt og utøvarane har eit tøft program, meiner han det burde vore mogleg å få utøvarane til å stille.

– Det er ikkje umogleg å lage eit treningsopplegg der ein kan gå både NM og verdscupen i Oberhof.

Sportssjef i skiskyttarforbundet, Odd-Bjørn Hjelmeset meiner det er viktig at nokre av NM-renna går midt i sesongen, for at dei nest beste skal få møte verdscupløparane midt i sesongen.

– Me hadde veldig lyst til at våre beste var heilt friske og kunne gå, men me har stor respekt for at dei skal prestere seinare i sesongen også. Når ein har vore sjuk er det vanskeleg å bruke renn som gjennomkøyring, seier Hjelmeset som forstår at Bøygard er skuffa.

Håpar å unngå minus

Tore Bøygard lovar at det blir oppgjer på kammerset og trur at stjernefråfallet i helga vil få konsekvensar. Han trur det blir vanskeleg å få komande arrangørar til å arrangere direktesende NM-renn midt i sesongen.

Nå set han sin lit til at Johannes Thingnes Bø og dei andre stiller på startstreken i del 2 av NM, også det på Ål, i slutten av mars.

– Me veit jo at dei ifølgje løparkontrakten er pliktige til å stille, men me veit jo at det er mange som får NM-sjuka, seier Bøygard med dårleg skjult glimt i auget.