Det er nesten underleg at ikkje den svenske musikalen «Kristina frå Duvemåla» har blitt spelt i Noreg tidlegare enn 2021, då Bømlo teater for fyrste gong satte opp framsyninga.
For er det noko som er eigna for utandørsspel, så er det denne. No er det altså tid for eit gjensyn.
Fridomen lokkar
Miks suset frå havet med utferdstrong og solid ABBA-musikk, og du har essensen av utvandrarmusikalen «Kristina frå Duvemåla». Første og einaste gongen spelt i fullskalaversjon i Noreg på det vesle staden Moster i havgapet i Sunnhordland.
Ein kan undra seg over at ikkje dei store teatera har skaffa seg rettane til denne forteljinga, som er basert på «Utvandrerne» av den svenske forfattaren Vilhelm Moberg.
I tillegg er musikalen skrive av ABBA-gutane Benny Andersson og Björn Ulvaeus.
UTFERDSTRONG: Kjærleik, familieliv, gard og ungar. Og eit håp om eit betre liv i Amerika. Jannike Kruse spelar rolla som Kristina frå Duvemåla i musikalen med same namn.
Foto: Peter Tubaas / Vestland MediaHandlinga går føre seg midt på 1800-tallet. Livet i Småland er hardt for mange, og fridomen lokkar.
Jannike Kruse spelar rolla som Kristina frå Duvemåla, bygdejenta frå Småland som stiftar familie, og etter kjærleik og motgang reiser med mann og barn over havet for å skapa seg eit nytt liv i Amerika.
Så dei dreg, og dei lukkast i å skapa seg ein ny heim. Men ikkje utan kostnader, heller ikkje for Kristina.
FELLESSKAP OG FIENDSKAP: Ulrika (Janne Johansen Kjellevold) og Kristina (Jannike Kruse) reiser med same båten til Amerika, og skuldar kvarandre for å ha brakt lus med på ferda.
Foto: Peter Tubaas / Vestland MediaKREVANDE: Ei enkel reise til Amerika var det ikkje for dei mange smålendingane som forsøkte seg. Nokre gjekk det godt for, andre ikkje.
Foto: Peter Tubaas / Vestland Media
Perfekt miks
Kristina og hennar mann Karl Oskar (spelt av André Søfteland) er to av mange karakterar frå Moberg sitt utvandrarepos. Dei og deira reisefølge speglar dei lågast stilte i samfunnet, dei som har lite å tapa og motet til å satsa alt på ei ny framtid.
«Kristina frå Duvemåla» er ein stor musikal om livet til menneske som kjenner seg små.
Her er høg dramatikk og store kjensler, alt fortalt gjennom velkomponerte melodilinjer og god orkestrering.
Det er eit umiskjenneleg ABBA-preg over heile 1800-tals-musikalen. Interessa for svensk folkemusikk har Ulvaeus og Andersson alltid hatt med seg, også før ABBA-tida. Om ein lyttar, finn ein slik inspirasjon òg i ABBA-låtar, til dømes der melodilinjer i moll brått sneiar innom durvendingar før dei er tilbake att i moll-landskapet.
Konsertane på deira siste verdsturne i 1979-80 vart innleia med «Gammal Fäbodpsalm från Dalarna» - på Wembley i 1979 i saumlaus overgang til låta «Voulez-Vouz».
I «Kristina frå Duvemåla» smeltar kombinasjonen mellom folketonar og musikalnummer heilt naturleg saman. Det er ein perfekt miks.
NYBYGGJARLIVET: Slitsamt, meningsfylt og brutalt på same tid. Framsyninga er prega av fine tablåar gjennom heile.
Foto: Peter Tubaas / Vestland MediaFint, men forvirrande
Dei til saman 70 aktørane på scena og 23 musikarane leverer stort trøkk og høg energi. Musikalen er lang, likevel kjennest slutten forhasta og retningslaus.
For historieforteljinga sin del kunne ein fjerna både karakterar og passasjar, men ensemblet og orkesteret jobbar hardt og held energien oppe.
Regissør Jostein Kirkeby-Garstad har saman med medkoreograf Simen Gloppen jobba fram ei mengde fine tablå og bilete som kler forteljinga godt og driv ho fram.
DRAUMEN OM AMERIKA: Robert (Anders Gjønnes) vil til Amerika og grava etter gull. Full av entusiasme fortel han borna til Kristina om landet dei skal reisa til.
Foto: Peter Tubaas / Vestland MediaTUNGT GARDSLIV: Livet er hardt og ungane vert stadig fleire. Men tanken på å reisa frå Duvemåla er ikkje enkel for Kristina (Jannike Kruse). Men når eitt av borna døyr, vil ho vekk, ho og.
Foto: Peter Tubaas / Vestland MediaNY SJANSE: Her er utstøtte Ulrika (Janne Johansen Kjellevold), som heime i Småland er den prostituerte i bygda som alle foraktar - og som i Amerika får ein ny sjanse og eit nytt liv. Kjellevold gjer ei svært god rolle.
Foto: Peter Tubaas / Vestland MediaJESUS I BAGASJEN: I Småland var det ikkje enkelt å driva frimenighet. Kyrkja nærast overvaka dei kristne forsamlingane, og pastor Danjel (Espen Hana) tek like godt heile forsamlinga med seg til Amerika.
Eitt val er diverre ikkje heilt forløyst: To dansarar speglar Kristina og Karl Oskar gjennom heile framsyninga. Det er ein svært god ide i utgangspunktet, og nokre stader fungerer det verkeleg vakkert og utvidande for historia.
Andre stader er det vanskeleg å vita kor ein skal festa blikket og kven ein skal følga med på: Dei to som syng eller dei to som dansar kjenslene deira ut.
Dessutan får desse to dansarane ein uklår funksjon når den eine òg fungerer som representant for døden når han kjem og leiar dei som døyr ut av scena.
SVÆRT GOD ROLLE: Jannike Kruse bidrar med variert, nyansert og lyttande spel. Men det vert unekteleg snodig når ho må bruka sunnhordlandske dialektord som «reila» (huske/disse). Det ligg ikkje så godt i det austnorske tonefallet. Sjølve reilinga trivst ho med.
Foto: Peter Tubaas / Vestland MediaDen store stjerna i denne versjonen av «Kristina frå Duvemåla» er Jannike Kruse.
Ho har med seg ein naudsynt energi inn til resten av ensemblet, og viser kva for ein solid musikalartist ho er. Ikkje berre når det kjem til song, men i eit intenst nærvær, tydeleg lyttande til dei andre skodespelarane, og ho viser eit nyanserikt samspel.
«Kristina frå Duvemåla» er ein stor produksjon for eit lite teater i ein øykommune. Det ligg mykje vilje bak å få til eit slikt omfattande prosjekt.
Andersson og Ulvaeus har skrive ein medrivande musikal, og Bømlo Teater gjer han verdt å sjå.
Det er ingen tvil om at dette er ei stor musikaloppleving på ei ganske lita øy.
Hei!
Jeg anmelder scenekunst og litteratur for NRK. Les også anmeldelsene mine av «Pinocchio» ved Festspillene i Bergen, «Europavisjonar» ved Det Norske Teatret, eller balletten «Day before Tomorrow» i Operaen.