Hopp til innhold

Dødeleg art kom snikande under eit skip

Hamnespy kom truleg til Noreg som blindpassasjer på eit skip år tilbake. – Vi trur han spreier seg meir i sommar. Det er deprimerande å sjå, seier forskar.

Frå den første observasjonen i Stavanger i 2020, har den framande undersjøiske arten «hamnespy» dukka opp ei rekkje stader langs kysten av Vestlandet.

Frå Egersund i Rogaland i sør, til Gulen i Vestland i nord.

Fredag avslutta Havforskningsinstituttet ei kartlegging på fleire kjende punkt utanfor kysten av Vestland.

– Vi ser no at det spreier seg meir ut frå hamnene. I sommar trur vi det spreier seg veldig mykje, seier forskar Vivian Husa.

Gror fast på skrog

HI-forsker Vivian Husa samler inn skjell til oljeanalyser

FORSKAR: Havforskingsinstituttet kartla denne veka hamnespy fleire stadar i Vestland. – Det positive er at dei store oljeterminalane førebels er frie for dei, seier Vivian Husa.

Foto: Stine Hommedal / Havforskningsinstituttet

I ein fersk rapport frå Havforskingsinstituttet slår dei fast at fleire framande artar haikar som groe på skipsskrog til Noreg.

Overlever dei klimaet her, kan dei vere dødelege for stadeigne artar.

Ein av desse er hamnespy, som breier seg over sjøbotnen og drep alt liv under seg.

No får Havforskingsinstituttet midlar frå Miljødirektoratet til ytterlegare kartlegging i alle travle hamner, frå svenskegrensa til Trondheimsfjorden. Dei skal også prøve ut metodar som kan overvinne hamnespy.

– Det er tydeleg at hamnespy følgjer skipstrafikken, seier Husa.

Fleire utsette hamner

Med opp mot 3.800 skipsanløp frå utlandet, er fylka Oslo og Viken, Vestfold og Telemark, Vestland og Rogaland mest utsette.

Ellen Hambro

MILJØDIREKTØR: – Kartlegginga av norske skipsanløp gir oss verdfull kunnskap om kva hamner langs norskekysten vi bør følge ekstra nøye med på, seier Ellen Hambro.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

– Framover blir det viktig å overvake desse hamnene, og dermed kunne setje inn tiltak tidleg for å hindre alvorlege følgjer av nye framande artar, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

– Deprimerande

Forskarane undersøkte i førre veke observasjonar gjort av hamnespy ved Stureterminalen, Kolsnes, Hanøytangen, fleire stader i Øygarden og Brandangersundet i Gulen.

Siste observasjon av hamnespy var ved Skipavika, Sløvåg og Brandangersundet. Kartlegginga avdekka meir hamnespy enn venta.

– Eigentleg litt deprimerande å sjå, seier Husa og trur arten har vore der lenger enn ein først trudde.

– Hamnespy vart oppdaga i Brandangersundet i fjor haust. Så tette koloniar seier at den må ha vore der nokre år.

Breier seg nordover

No står sommaren for tur, og den kan gi meir svar på kor raskt hamnespy spreier seg.

Stureterminalen i Øygarden i Hordaland

OVERVAKING: Havforskningsinstituttet ynskjer å overvake hamner som Stureterminalen, slik at nye framande artar blir plukka opp så raskt som råd.

Foto: Øyvind Hagen / Statoil

– Larvene slår seg ned i løpet av seks timar, slik at dei kjem seg ikkje lengre enn tre til fem kilometer på ein sommar, seier Husa.

Med stadig skipstrafikk og koloniar fleire stader, er spreiinga uunngåeleg.

– Vi ventar den i hamnar vidare nordover, som Florø og Måløy. Dei får mykje trafikk frå hamnene med hamnespy, seier Husa.

– Frykta er reell

Kjell Fagna

REELL: – Frykta for ein ukjend fauna som øydelegg den vi har i dag er reell, seier direktør i Nordfjord hamn, Kjell Fagna.

Foto: Åge André Breivik

Også hamnene engasjerer seg. I Vestland har Nordfjord og Flora hamn teke initiativ til å søke å finne ei løysing som reduserer faren.

– Stor eksport frå hamnene gjer at vi er i risikogruppa. Verdien av ei fellesløysing er stor når det gjeld så mange, seier hamnedirektør i Nordfjord, Kjell Fagna.

Kva løysinga skal vere, veit han ikkje.

– Men vi må ta det på største alvor for å halde artane våre i hevd, seier Fagna.