Hopp til innhold

Det frykta havnespyet spreier seg: – Kan ikkje bli kvitt det utan å kverke alt anna som er i området

Vestlandet er under invasjon av ein sjølvklonande og uovervinneleg fiende – havnespyet.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Store gule flak breier seg over sjøbotnen og drep alt liv under seg. Dei klonar seg sjølv og mangedoblar i størrelse på få dagar.

Og det er umogleg å stoppe dei.

I august vart den invaderande arten havnespy funnen i Stavanger. Forskarane håpte då at dette var eit enkelttilfelle.

No er den bekrefta funnen so langt nord som Bergen.

Havforskingsinstituttet kallar Statsforvaltarane og Miljødirektoratet inn til møte for å handtere situasjonen.

Anne Mari Wiwh Ottesen

Anne Mari With Ottesen var med å finne det som synte seg å vere havnespy utanfor Haugesund i haust.

Foto: Tor Andre Johannessen

Nye funn, men truleg mange fleire

Havforskingsinstituttet bekreftar at prøvar sendt inn frå Haugesund og Bergen er havnespy.

Dyret spreier seg på grunn havbotn og pressar ut plantar og dyr som er avhengige av kvarandre og lev på botnen. Den formeirar seg svært raskt og kan klone seg sjølv.

Havnespy er rekna som ein invaderande og uønskte art i Noreg.

Havnespy

Slik kan havnespyet spreie seg. Ved å klone seg kan det «drype» ned frå kjølen på ein båt og ein ny koloni kan ta til.

Foto: Anne Mari With Ottesen

I Haugesund var det ein dykkarklubb som sende inn prøvar og på Askøy utanfor Bergen ein kommersiell aktør.

– Er dette ulike koloniar, eller er dette noko som har spreidd seg frå funnet i Stavanger?

– Det er nesten heilt umogleg å vite. Det kan godt vere mange fleire stadar. No vart det litt vanskeleg å nøste i dette, seier Vivian Husa.

HI-forsker Vivian Husa samler inn skjell til oljeanalyser

Vivian Husa oppfordrar dykkarklubbar og andre til å rapportere og samle prøvar om dei mistenkjer å ha funne havnespy.

Foto: Stine Hommedal / Havforskningsinstituttet

Ho er forskar ved Havforskingsinstituttet og er med i Prosjekt havnespy – ei gruppe som samlar og delar informasjon om funn av arten.

Husa fortel at alle stadane organismen er funnen til no er stadar med mykje skipstrafikk.

Sidan havnespyet kan vekse på båtar som går opp og ned langs kysten, kan det spreie seg langt.

– Men eg trur det har vore på alle desse stadane i nokre år før vi har oppdaga det, seier Husa.

Her er det bekrefta funn av havnespy. Truleg er den til stades langt fleire stadar enn her.

– Håper det ikkje vert så ille som vi fryktar

Anne Mari With Ottesen, har dykka i Haugesund i fleire år. Ho var med då dei fann havnespyet utanfor Haugesund.

Ho kjende att arten etter å ha vore på kurs med Husa om Havnespy.

– Eg tenkte «ojsann, der er vaffelrøra til Vivian»

Som dykkar vert ho redd for kva havnespyet vil gjera med mangfaldet på havbotnen.

– Det er jo kjedeleg om alle dykkeplassane vi pleiar å reise til her i nærleiken plutseleg skal vere dekka av havnespy. Då er det ikkje so mykje spanande å sjå på.

Ho trur likevel ikkje det alt håp er ute.

– Men so har eg jo lært av biologi før at det er sjeldan éin art klarar å ta over alt utan at det til slutt går utover ein sjølv. So får vi håpe og tru at det kanskje ikkje vert so ille som vi fryktar

Vil få økonomiske konsekvensar

I tillegg til å øydelegge økosystem og drepe planteliv kan havnespyet øydelegge for havbruksnæringa.

Havnespyet kan vekse på nøtene i oppdrettsanlegg. Dette kan ikkje spylast vekk, for det vil forverre situasjonen ved å spreie kolonien.

– Blåskjelanlegg veit vi vil få veldig store problem for det dannar eit tjukt teppe over skjela, seier Husa.

Likeins vil dei som driv med østers og tare kunne bli råka.

– Vi fann fleire tareblad i Stavanger som var heilt dekka. Det vil jo bli eit stort problem for tareoppdrettarar om dei får dette i anlegget sitt. Då vert tara heilt ubrukeleg, seier forskaren.

Funnet på Askøy utanfor Bergen vart til dømes rapportert inn av ein kommersiell aktør.

Havnespy

Havnespyet er eit sekkedyr som spreier seg anten ved å sprute ut larvar som driv med straumen eller ved å klone seg sjølv. Dei kan klamre seg fast til utstyr i sjøen og øydelegge for akvakulturnæringa.

Foto: Anne Mari With Ottesen

Vil avgrense spreiinga

Havnespy er svært vanskeleg, nesten umogleg, å bli kvitt.

– Utan å kverke alt anna som er i området so vil du ikkje bli kvitt det. Og det vil vere ein stor og kostbar operasjon, seier Husa.

– Er det noko ein kan gjere med dette?

– Det er vel først og fremst å vere obs på båtar som går inn og ut av infiserte område.

Havforskingsinstituttet skal denne fredagen møte med statsforvaltarane i Rogaland og Hordaland, samt Miljødirektoratet, for å diskutere korleis ein skal handtere situasjonen.

Husa oppfordrar dei som no om hausten tek opp båtane sine om å ikkje spyle på sjøen det som kjem av kjølen, i alle fall ikkje om ein har vore i område der havnespyet kan vere.

– Og kanskje båtar som ligg i desse områda burde ha vore i dokk, men der er ikkje noko regelverk som kan påby dette.

Kva som skjer vidare med den invaderande arten og om nye reglar vert innført veit ein ikkje før møtet på fredag.

Båtførar Willy Smedsvik og dykkarane Anne Mari With Ottesen og Åge Wee.

Båtførar Willy Smedsvik og dykkarane Anne Mari With Ottesen og Åge Wee dykka etter havnespy utanfor Haugesund i haust.

Foto: TOR ANDRE JOHANNESSEN