Hopp til innhold

Langar ut mot klimaskeptikarar

Klimaforskingssenter tilbakeviser fakta i klimabrosjyre som er sendt ut til alle landets vidaregåande skular.

Montasje av brosjyren fra Klimarealistene

- Proppfullt av feil, seier Bjerknessenteret og CICERO om klimaheftet frå Klimarealistene.

Foto: Klimarealistene

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Klimaforskingssentra CICERO og Bjerknessenteret svarar i dag klimaskeptikarar i eit omfattande brev som blir sendt ut til vidaregåande skular, bibliotek og polikarar, opplyser sentra i ei pressemelding.

Eystein Jansen

Eystein Jansen er direktør for Bjerknessenteret

Direktør i CICERO Cecilie Mauritzen

Cecilie Mauritzen er direktør for CICERO og ein av medforfattarane i tilsvaret til Klimarealistene.

Foto: CICERO

Svaret kjem etter at foreininga Klimarealistene tidlegare i år sende ut heftet «Naturen, ikkje menneskene, styrer jordens klima» til alle landets vidaregåande skular.

– Vi synest ikkje noko særlig om at dei har sendt ut eit hefte som er proppfullt av feil, seier Eystein Jansen, direktør ved Bjerknessenteret til NRK.no.

– Uredeleg

– Det kunne vore heilt greitt om det var noko som haldt fagleg mål, men å presentere ei handfull enkeltfunn og gjengi myter og mistforståingar som har vore gjendrive i faglitteratur i årevis er etter mi meining uredeleg og tjener dei liten ære, seier Jansen.

– Ettersom innhaldet i Klimarealistene sitt hefte er såpass graverande, har CICERO og Bjerknessenteret sett seg nøydde til å lage eit grundig tilsvar med eit håp om å rette eventuelle misoppfattingar, seier Jansen.

Tilsvaret er forfatta i samarbeid av ei rekke forskarar på Bjerknessenteret og CICERO, blant dei direktørane Eystein Jansen og Cecilie Mauritzen samt forskarane Helge Drange, Pål Prestrud og Hans Martin Seip.

– Vi baserer oss på fleire tusen vitskaplege publikasjonar frå fleire tusen forskarar som mange er topp internasjonale fagfolk. Det er ikkje faktafeil fordi om dette er forsking som går i mot klimapanelets rapportar, seier styreleiar i Klimaralistene, Ole Henrik Ellestad til NRK.no.

– Det er ein vitskapleg debatt som er undertrykt i Noreg fordi det berre er ein av partane som får fremma sine synspunkt, seier Ellestad.

Påstår Jupiter og Saturn påverkar havtemperatur

Blant påstandane i heftet som blir tilbakevist er påstanden om at endringar i havstraumtemperatur ser ut til å bli styrt av endringar i posisjonen til jorda/månen, sola, Jupiter og Saturn.

Påstand i hefte frå Klimarealistene

Påstand i heftet frå Klimarealistene.

Foto: skjermdump

CICERO og Bjerknessenteret skriv i sitt tilsvar at det er spekulasjonar å hevde at månen, Jupiter og Saturn påverkar «havstraumtemperaturen».

Ein annan påstand i heftet frå Klimaskeptikerne er at den globale oppvarminga har stansa, noko som også blir tilbakevist i svaret frå klimaforskingssentra.

Metodar frå tobakksindustrien

– Klimarealistene sitt formål er å tilbakevise at menneska har noko med dei siste tiåras klimaendringar å gjere. Både CICERO og Bjerknessenteret vart kontakta av skular og politikarar etter at heftet vart sendt ut, seier Pål Prestrud, tidlegare direktør ved CICERO Senter for klimaforskning.

– Kring dette spørsmålet er nemleg vitskapen klar: Menneska bidreg i sterk grad til å endre jordas klima, legg Prestrud til.

– Vi merkar oss også at Klimarealistene nyttar seg av metodar som tidlegare har vore nytta av forkjemparar for tobakks- og sukkerindustrien for å spreie tvil om klimaforskinga. Dette er metodar som å handplukke data som stadfester deira påstandar, å bygge argument på påstandar som for lengst er tilbakeviste, og ignorere store mengder solide vitskaplege resultat, fortel Jansen.

Vil ha debatt

Ole Henrik Ellestad

Ole Henrik Ellestad er professor i kjemi og styreleiar i Klimarealistene.

Foto: Universitetet i Oslo

Ole Henrik Ellestad i Klimarealistene er skuffa over uttalingane frå CICERO og Bjerknessenteret.

– Vi beklagar sterkt at dei uvitskapelege karakteristikkane om klimapanelets kritikarar framleis dominerer sjølv etter at tilhengarane har måtte innrømme langt sterkare medverknad frå naturlege variasjonar i dei seinare år, seier Ellestad.

– Vi gjer ikkje anna enn å vise til observasjonar og forklaringar på dei naturlege variasjonane og peike på mangelen i resultat av klimapanelets berekningsmodellar som dei så einsidig støttar seg til, seier Ellestad.

Foreineinga Klimarealistene synest elles det er ok om heftet deira fører til ein debatt.

– Vi håper at bidraget vårt kan føre til ein dialog med skulen om ein betre presentasjon av naturelege variasjonar i klimaendringar. Vi vil at skulane skal forstå at naturleg variasjon har ei langt større rolle, seier Hellestad.