Hopp til innhold

Sjå bileta frå nattas venuspassasje

Fantastisk vêr i store delar av Nord-Noreg sikra gode sjåarforhold for dei som ville sjå nattas venuspassasje.

Venuspassasjen var over kl. 06.54 i dag tidleg, då hadde planeten Venus brukt om lag 7 timar på å passere som ein liten svart prikk over solskiva.

Midtnattsol og skyfri himmel natta gjennom sikra fantastiske forhold for dei som følgde passasjen frå Tromsø. Her var det arrangert ei storslått feiring av hendinga natta gjennom.

NRK 1 sende direkte gjennom heile hendinga frå Tromsø.

Sjå NASA-video av venuspassasjen:

– Heldig som har fått oppleve det

– Vêret har gjort opplevinga strålande. Nord-Noreg på sitt aller beste har vore ei fullkommen ramme, seier Truls Lynne Hansen ved Tromsø geofysiske observatorium. Han var tilstade i studio gjennom heile natta under NRK1s direktesending i Tromsø.

Han synest ikkje det er vemodig at det er over.

– Nei, det er er over, og slik er naturen. Sett frå eit enkeltmenneskets synspunkt er det ei sjeldan hending, det visste vi. Derfor føler eg meg heldig fordi eg har fått oppleve det.

Selda Ekiz leia direktesendinga på NRK1 saman med Per Olav Alvestad. Ho var svært nøgd med folkets engasjement:

– Utruleg kult at så mange menneske over heile Noreg har syntest at dette var viktig nok til å møte opp på, seier Ekiz.

– Personleg synest eg det er morosamt å sjå kor små vi er, det set ting i perspektiv, seier ho.

SDO's Ultra-high Definition View of 2012 Venus Transit -- Path Sequence

Venuspassasjen 2012 steg for steg sett frå NASAs Solar Dynamics Observatory.

Foto: NASA/SDO, AIA

Konkurranse

Natta gjennom var det konkurransar der sjåarar kunne vinne blant anna teleskop.

Det siste spørsmålet var kva som var grekarane sitt namn på dei to stjernene som dei trudde at Venus bestod av.

Riktig svar var Fosforus og Hesperos, og det var Randi Heggheim som vart trekt ut som den heldige vinnaren i nattas siste konkurranse.

Venusoscope

Venusoscope

Venusoscope laga av Harald Sundby på besøk i Tromvik på Kvaløya.

Foto: Harald Sundby

Folk følgde med på hendinga frå lengst nord til lengst sør i landet, og mange tok i bruk fantasien for å observere og fotografere hendinga.

Harald Sundby som var på besøk i Tromvik på Kvaløya lagde sitt eige Venusoscope, eit lite kammer for å kunne fotografere Venuspassasjen med telefonen sin.

Sundby forklarar at han laga kammeret med hjelp av ei pappøskje, ei 8X linse for iPhone, ein spegel og eit kvitt papir, samt lokk til toppen. Kammeret hadde opningar for observasjon og fotografering bak.

– Eg er klar, melde Sundby tidleg på kvelden.

Nokre timar seinare, kl. 02.20, sende han eit bilete han hadde tatt med hjelp av Venusoscopet.

Venuspassasjen i Venusoscope, Kvaløya

Bilete av venuspassasjen tatt med hjelp av iPhone og Venusoscope.

Foto: Harald Sundby