Hopp til innhold

Fotballmolekyl i fast form oppdaga i rommet for først gong

NASA har oppdaga runde fotballmolekyl i fast form i verdsrommet for første gong. Den enorme mengda som er funne, svarar til volumet av 10 000 Mount Everest.

Fotballmolekyl i fast form

Fotballmolekylet som består av seksti karbonatom forma som ein fotball, er funne omkring to stjerner som ligg 6500 lysår frå jorda.

Foto: NASA/JPL-Caltech

Med NASAs Spitzer Space Telescope har forskarar for første gong oppdaga det runde fotballmolekylet i fast form i verdsrommet.

Fotballmolekylet, som eigentleg heiter buckminsterfulleren (også kalla buckyballar), er eit sært kjemisk molekyl som består av seksti karbonatom som er sett saman som ein fotball (sjå faktaboks).

Det faste stoffet laga av buckyballar er oppdaga som ørsmå partiklar rundt eit par stjerner kalla «XX Ophiuchi» som ligg 6500 lysår frå jorda.

Oppdaginga som er gjort av eit team av forskarar med professor Nye Evans ved Keele University i spissen, bli publisert i tidsskriftet Monthly Notices of the Royal Astronomical Society.

Mengda som er funne er berekna til å motsvare volumet av heile 10 000 Mount Everest-fjell.

Sjå NASA-video om buckyballar i rommet:

Oppsiktsvekkjande mengder

– Dei enorme mengdene er det som er mest oppsiktsvekkjande med dette funnet, seier professor emeritus i kjemi Harald Møllendal ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Han fortel at dei fleste astrokjemikarar rekna med at buckminsterfulleren måtte vere mogleg å påvise i verdsrommet. Difor kom det ikkje som ei stor overrasking då den første oppdaginga av det første fullerenet i verdsrommet vart gjort.

Buckyballar i gassform vart oppdaga første gong av Spitzer-teleskopet i 2010, og seinare fann forskarane fotballmolekylet i store mengder i fleire ulike miljø i verdsrommet.

– Dette spennande resultatet tyder på at buckyballar er meir vanlege i verdsrommet enn tidlegare resultat frå Spitzer-teleskopet har vist, seier Mike Werner ved NASAs Jet Propulsion Laboratory i ei pressemelding frå Keele University.

– Med ein større karbonkonsentrasjon i verdsrommet enn ein har visst om til no, kan det jo gi grunnlag for å spekulere på om andre stoff, som til dømes biomolekyl, også kan ha blitt danna, seier kjemiprofessor Leiv K. Sydnes ved Universitetet i Bergen til NRK.no.

Stabla som appelsinar

Fotballmolekyl i fast form

I fast form er fotballmolekyla stabla oppå kvarandre som appelsinar i ei kasse. Svake kjemiske bindingar (van der waalske-krefter) mellom molekyla held dei samla.

Foto: NASA/JPL-Caltech

– Desse buckyballane er stabla saman som appelsinar i ei kasse og dannar eit fast stoff, seier professor i astrokjemi Nye Evans ved Keele University i England.

– Partiklane vi har funne er svært små, mykje mindre enn breidda av eit hår, men kvar partikkel kan innehalde stablar av millionar av buckyballar, seier Evans.

Forskarteamet med Evans i spissen har klart å skilje fast buckyball-materiale frå gass fordi det faste stoffet har eit særeige fingeravtrykk i det infraraude spekteret ved om lag 17 mikrometer.

Produsert av stjerner?

Korleis dei ørsmå fotballmolekyla blir danna i verdsrommet er enno uklart, men dei fleste hypotesar går i retning av at produksjonen skjer i eller omkring stjernene der fotballmolekyla er funne.

Nye Evans fortel at ein ofte finn mindre hydrokarbonar i dei same områda der ein finn fotballmolekyla.

– Kanskje er det miljøet i og omkring desse stjernene som stimulerer til danning av buckyballar frå mindre hydrokarbonmolekyl, seier Evans på e-post til NRK.no.