Hopp til innhold

Snart kan du dusje hundrevis av gonger – med same vatn

Ein student i Sverige har laga ein prototype av ein dusj som reinskar vatnet medan du dusjar. Med den kan du dusje i åtte minutt med 8,5 liter vatn.

dusj

Den nye dusjen kan gjere livet både lettare og reinare for millionar av menneske med avgrensa tilgang på vatn.

Foto: Mehrdad Mahdjoubi

Industridesignstudenten Mehrdad Mahdjoubi ved Lunds Tekniska Högskola i Sverige har utvikla prototypen til det som kanskje er verdas mest vassparande dusj.

– Eg har nytta romteknologi frå NASA og tilpassa den til bruk i vanlege heimar, seier Mahdjoubi til NRK.no.

Fangar opp virus og bakteriar

Teknologien vart først utvikla av NASA for vasshygienen i verdsrommet. Ved hjelp av elektropositivt nanoaluminium er det blitt laga filter som kan dra til seg alle type partiklar. Til og med bakteriar og virus.

Først etter 110.000 liter med dusjing treng filteret å bytast ut. Filteret vert kombinert i dusjen med eit forfilter som kan vaskast for å auke livslengda til konstruksjonen.

– Filtrering av vatn er ikkje noko ny oppfinning. Det har blitt brukt fleire stadar i Afrika for å reingjere drikkevatn. Men denne dusjen byggjer på eit såkalla nano-filter, som kan filtrere i langt større tempo enn eit tradisjonelt filter, seier Mahdjoubi.

Mehrdad Mahdjoubi

Mehrdad Mahdjoubi ønskjer å utvikle dusjen vidare til eit ferdig produkt, men seier han har ingen ønskje om å bli ein dusjfabrikkeigar.

Foto: Mehrdad Mahdjoubi

Storleiken betyr ikkje så mykje. Alle partiklane vert fanta opp, til og med ein stor del DNA-partiklar. Filtreringa kan skje i mykje større hastigheit enn eit vanleg filter.

Langt over 15 liter kan bli filtrert per minutt, som er den normale hastigheita til dusjvatnet.

– Poenget med konstruksjonen er å minske forbruket av ein av våre mest verdifulle ressursar, utan å gjere komforten mindre, seier Mahdjoubi.

INDIA-RESOURCES-WATER-EARTH DAY INDIA-RESOURCES-WATER-EARTH DAY

Oppfinninga kan vere til god hjelp for dei millionane i verda som må bruke timar på å skaffe vatn. Her frå Medak-distriktet i India.

Foto: NOAH SEELAM / Afp

dusj

Det er lite som tilseier at prototypen er noko anna enn ein vanleg dusj.

Foto: Mehrdad Mahdjoubi

80 prosent utan vatn

Og det er inga tvil om at vatn er ein verdifull ressurs. Om lag 80 prosent av befolkninga på jorda bur i område med usikker forsyning av ferskvatn.

Det er Vest-Europa og Nord-Amerika som ser ut til å vere mest utsette for truslar om dårlegare vasstryggleik. Men når ein reknar med effekten av infrastrukturen som distribuerer og sparer vatn, forsvinn dei fleste truslane frå desse områda. Det er i dei fattige delane av verda som vil lide mest, grunna lite pengar til investering i slik infrastruktur.

Berre i industrilanda (inkludert Brasil, Russland, India og Kina) er det eit behov for å investere 4.700 milliardar kroner innan 2015, hevdar forskarane.

Kan bli lønsamt i Noreg

Mahdjoubi peiker på at det er store forskjellar på prisane på vatn, allereie i dag. I Irland er vatn tilnærma gratis grunna kraftige statlege subsidiar, medan vassprisen i Danmark er blant dei høgaste i Europa.

Sjølv i eit vassrikt land som Noreg er det slett ikkje gratis å ta den daglege dusjen. Ifølgje tal frå i fjor kostar det i snitt 3 285 kroner i året dersom du dusjar 15 minuttar dagleg.

Det utgjer heile 9 kroner per dusj. Ved å bruke ein typisk sparedusj sparer du rundt halvparten.

Difor kan det verta lønsamt å investera i den nye dusjen også for nordmenn. Men Mahdjoubi ønskjer ikkje å spekulere i kva dusjen han har utvikla kjem til å koste.

– Det er så mykje som spelar inn. Det må ikkje vere dei same materiala som i prototypen. Eg har nytta materialet HiMac, som blir brukt i dei mest eksklusive bada. Men sjølvsagt vil det vere dyrare enn ein vanleg dusj. Dette er ein langtidsinvestering.

– Korleis vil du utvikle dette vidare?

– Eg er nett ferdig med prosjektet, og vil sjå korleis responsen blir. Eg ser ikkje meg sjølv som ein dusjfabrikkeigar, men eg vil gjerne utvikle det vidare til eit ferdig produkt.

– Trur du dette kan bli vanleg blant folk flest i framtida?

– Utan tvil. Det handlar først og fremst om vassprisane. Dersom prisen på vatn blir høg nok vil det lønne seg.

Den revolusjonerande dusjen skal vere utstilt på Tekniska mässan i Stockholm i oktober.