Hopp til innhold

Nyttar mobilen for å unngå folk

Ny studie viser at 13 prosent av amerikanarar bruker mobilen som påskot for å unngå å snakke med folk.

Mobilbruk

Det er ikkje heilt sikkert at folk snakkar i mobilen sjølv om det ser slik ut. Om lag ein av ti amerikanarar seier dei nyttar mobilen for å unngå andre.

Foto: Anatoly Tiplyashin / Colourbox

I ei ny studie har Pew Internet and American Life Project sett på korleis amerikanarar nyttar mobiltelefonen sin.

I undersøkinga kom det fram ein litt overraskande nytteverdi av mobilen.

Heile 13 prosent av amerikanarane som svarte innrømmer nemlig i undersøkinga at dei nyttar mobiltelefonen som eit påskot for å unngå å prate med folk.

I Noreg er vi vel generelt dårlegare på såkalla "smalltalk" enn amerikanarane, og her er det kanskje meir akseptert å ikkje slå av ein prat. Men kan dette gjelde oss også?

Sosiolog Berit Skog

Sosiolog Berit Skog ved NTNU.

Foto: NTNU

– Eg kjenner ikkje til at det er gjort undersøkingar på dette i Noreg, men eg kan jo tenkje meg at nokre nyttar mobilen til dette i Noreg også, seier sosiolog Berit Skog ved NTNU til NRK.no. Skog forskar på bruk av sosiale medium, internettenester og dataspel.

Kommunikasjonssjef Øyvind Vederhus i NetCom fortel at selskapet utfører jamlege undersøkingar på mobilbruk hos sine kundar, men dei har enno ikkje spurt kundane om dei nyttar mobilen på denne måten.

I ei rask og uhøgtideleg undersøking blant mine vener og kollegaer innrømmer heile 3 av 4 at dei har nytta mobilen for å sleppe unna andre.

– Når eg ikkje vil snakke med nokre på gata, sjekkar eg mail på mobilen. Eg trur ikkje eg er den einaste, seier ein.

Kva med deg? Har det hendt at du har tydd til mobilen for å unngå pinlige samtaler med folk du helst vil unngå?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Teksting på topp

Netcoms kommunikasjonssjef Øyvind Vederhus

Kommunikasjonssjef i NetCom, Øyvind Vederhus.

Foto: NetCom

I den amerikanske undersøkinga vart 2277 vaksne personar bedne om å svare på spørsmål om korleis dei hadde nytta mobilen sin dei siste 30 dagane.

På topp i bruk kom ikkje uventa tekstmeldingar og bruk av mobilen til å ta bilete. Om lag tre av fire av dei spurde amerikanske mobilbrukarane nytta telefonen sin til dette.

– Tala frå USA høyrdest låge ut. I Noreg nyttar bortimot 100 prosent av mobilbrukarane mobilen sin til å sende meldingar, seier Øystein Vederhus i NetCom.

– Men når dette er sagt ser vi no at SMS-bruken er noko på veg ned i Noreg, legg Vederhus til.

Vederhus fortel at talet på tekstmeldingar som blir sende på merkedagar som julafta og nyttårsafta er gode barometer for populariteten til SMS-en.

– Som regel har det vore nye rekordar i sende tekstmeldingar kvart år, men julafta 2010 var første gong at antalet sende SMS gjekk ned frå året før, seier kommunikasjonssjefen i NetCom.

– I Noreg har SMS-bruken relativt sett gått ned fordi fleire sender meldingar via sosiale medium som Facebook, seier sosiolog Berit Skog.

Internett

44 prosent av amerikanarane i undersøkinga frå Pew nytta mobilen til å surfe på nettet.

– Nettbruk heng nøye saman med smartmobil. Ni av ti mobilar NetCom sel no er smarttelefonar, og datatrafikkvolumet aukar månad for månad, seier Vederhus.

NetCom kjem med ei ny brukarundersøking om mobilbrukarane sitt liv på nettet i neste veke.

Over halvparten av amerikanarane som svarte i undersøkinga, 51 prosent, fortalde også at dei var avhengige av mobilen for å få informasjon som dei trengte med ein gong. Heile 40 prosent fortalde også at mobilen hadde vore nyttig i naudstilfelle.

Frustrasjon

Mobil

To av ti har irritert seg over at mobilen brukar for lang tid til å laste ned ting.

Foto: Colourbox

Mobilen er ikkje berre til nytte, men er også kjelde til ein del frustrasjon, kjem det fram i den amerikanske studien.

20 prosent av mobilbrukarane i studien har irritert seg over at mobilen har brukt for lang tid på å laste ned ting.

Nesten like mange, 16 prosent, har vanskar med å lese tekst på mobilen fordi skjermen er for liten. Og ein av ti har problem med å skrive mykje tekst på mobilen.

I undersøkinga frå Pew kom det også fram at mange treng eit avbrekk frå mobilen innimellom. Ein av tre svarte at dei slår av mobilen i periodar av gongen, berre for å få ein pause frå han.