Hopp til innhold

Ny app skal hjelpe deg om mobilnettet er nede

Eit nyutvikla system skal gjere mobiltelefonar i stand til å sende meldingar via andre mobilar med hjelp av blåtann og wifi ved katastrofar der mobilnettet er nede.

Huset i Kvikne i Skåbu tatt av ras.

Ein ny app skal gjere mobilen i stand til å sende meldingar sjølv når naturkatastrofar har slått ut mobilnettet. Her eit hus som vart tatt under flommen i Gudbrandsdalen i juni.

Foto: Jorun Vang / NRK

Ein amerikansk informatikar skal ha utvikla eit såkalla ad hoc-system for smarttelefonar som gjer mobiltelefonar i stand til å sende meldingar vidare via andre mobiltelefonar.

Systemet som er utvikla av Thomas Wilhelm skal gjere mobiltelefonar i stand til å sende meldingar til ein mottakar også dersom mobilnettet er nede ved til dømes katastrofar.

Det kan også tenkast å vere nyttig der udemokratiske regime stengjer av nettet for å hindre uro og opprør slik som blant anna skjedde under protestane i Egypt.

Skal nytte blåtann

Systemet som har fått namnet Auto-Bahn vart presentert på hackarkonferansen DefCon som vart arrangert i Las Vegas tidlegare i månaden, melder BBC.

Auto-Bahn skal nytte innebygd blåtann og wifi som er vanleg i smarttelefonar.

Førebels har Wilhelm utvikla Auto-Bahn applikasjonen for Android-telefonar, men han skal også vere i gang med lage ein app for Iphone.

Wilhelm seier til BBC at han lagar applikasjonane for å overtyde smarttelefon-produsentane om at slike liknande løysingar bør bli standard i nye mobiltelefonar.

Ikkje problemfritt

10 juni i år var Telenorkundar landet over utan dekking i mange timar grunna feil på ein server i Oslo. Heldigvis gjekk ingen liv tapt under denne hendinga, men det er lett å tenkje seg at det kan oppstå alvorlege situasjonar når vi ikkje har moglegheit til å ringe eller sende meldingar.

– Det er ikkje berre eit spørsmål om kor ofte det skjer, men også om konsekvensen dersom mobilnettet ikkje er tilgjengeleg, seier professor Poul E. Heegaard ved Institutt for telematikk ved NTNU til NRK.no.

Likevel er han skeptisk til at ad hoc-løysingar basert på blåtann, eller anna trådlaus teknologi er ei løysing på problemet.

Krev batterikapasitet

– Eit ankepunkt er at blåtann krev ganske mykje batterikapasitet. Og i ein naudsituasjon har du kanskje heller ikkje tilgang på straum, seier Heegaard.

– Blåtann-teknologien når heller ikkje særleg langt, og er avhengig av å ha fri sikt på titals meter. Vanleg wifi trådlaus har betre rekkevidde, men batteriproblemet er det same, seier professoren i telematikk.

Dagfinn Sjøvik er prosjektleiar for det nye digitale naudnettet, Tetra (sjå faktaboks), som er i ferd med å bli bygd ut i Noreg. Sjøvik peiker også på den korte rekkjevidda som eit problem ved dette ad hoc-systemet:

– Teknologiar som blåtann verkar på veldig kort avstand. Difor trur eg ikkje dette vil vere særleg relevant i ein naudsituasjon, seier Sjøvik.

Heegaard peiker også på andre ulemper ved blåtann eller anna trådlause ad hoc-løysingar:

– Dersom ein mobilbrukar i naud skal kunne nytte blåtannteknologi til å sende vidare meldingar, er han eller ho avhengig av at det er ein del mobiltelefonar i nærleiken som har denne funksjonaliteten, seier Heegaard.

– Samtidig kan det heller ikkje vere for mange, då dette også vil skape problem, seier Heegaard.

Med andre ord bør du kanskje ikkje setje di lit til mobiltelefonen med det første dersom du skulle råke ut for ei naturkatastrofe.