Hopp til innhold

Biogass­anlegg fekk 60 millionar i statsstøtte. No har lufta gått ut av ballongen

Fleire titals millionar er spytta inn i biogassanlegg med ny teknologi. Men begge anlegga er no stengde. I Finnmark er dei forbanna på leverandøren.

Biogass finnmark, liholmen biogass

Her skulle selskapet Liholmen biogass produsera biogass, som igjen skulle gje straum. Men no er selskapet konkurs med 13 millionar i gjeld.

Foto: Roald Knudsen

Biogass kan vera løysinga for å møta det store energibehovet i Noreg i åra framover.

I ein rapport kjem det fram at energimengdene frå biogass kan mangedoblast frå dagens 6 Twh.

Det største potensialet er i husdyrgjødsel, biologisk avfall og kloakkslam.

Dette har også vore eit satsingsområde frå myndigheitene.

Samla har Enova støtta biogassanlegg med 967 millionar kroner sidan 2010.

Men no har eventyra slått store sprekker.

Både i Båtsfjord i Finnmark og på Stord i Vestland.

Biogass finnmark, liholmen biogass

Biogassanlegget i Finnmark skulle produsera biogass, som igjen skulle gje straum. No er anlegget til sals.

Foto: Roald Knudsen

Gjekk konkurs

12. oktober var nemleg biogasseventyret over for Liholmen Biogass AS i Båtsfjord i Finnmark.

Då gjekk dei konkurs med over 13 millionar kroner i gjeld.

– Me er rimeleg forbanna, for å seia det sånn, seier dagleg leiar for den konkursråka biogassfabrikken, Roald Knudsen til NRK.

Med ny teknologi frå leverandøren Antec, som i 2016 fekk pris for ein ny type biogassreaktor, skulle anlegget i Finnmark omdanna både husdyrgjødsel og fiskeavfall til energi.

Fiskeriminister Bjørnar Skjæran

Tidlegare fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) var ein av dei som besøkte anlegget i Finnmark. Han skrytte av bidraget til det grøne skiftet.

Foto: Bård Wormdal

Men etter fleire år med prøving og feiling var det stopp.

Trass i støtte på 10,7 millionar frå Enova gjekk det ikkje rundt.

– Det var rett og slett ikkje nok kapasitet i anlegget, meiner Knudsen.

Han hevdar leverandøren av reaktoren gav eit inntrykk av å ha eit ferdig produkt, som igjen kunne produsera biogass på berre halvparten av tida som andre leverandørar.

– Å produsera biogass kan fort ta 25 dagar, seier professor John Morken ved Norges miljø og biovitenskapelige universitet, NBMU på Ås.

Knudsen hevdar dei fekk løfte om produksjonstid ned i sju dagar.

Roald Knudsen

Roald Knudsen i Liholmen Biogass har tapt store summar på biogass-eventyr i nord. No er han rett og slett forbanna på leverandøren av teknisk utstyr.

Foto: Bård Wormdal

I bruk på Stord

Same reaktortype frå Antec er også brukt i Renevo sitt anlegg på Stord i Vestland.

Anlegget som fekk om lag 50 millionar i Enova-støtte har sidan oppstarten våren 2022 vore forfølgt av både naboklagar på lukt og trugslar om stenging frå Statsforvaltaren.

Men då dei fekk kontroll på lukta, meldte nye problem seg.

For onsdag kom meldinga om at anlegget valte å stengja ned.

Dårleg produksjon og manglande inntening vart peikt på som årsaker.

– For å tena pengar er me avhengige å ha eit produkt å fakturera kundane for. Me har ikkje fått den produksjonen me hadde sett for oss, seier Eilef Stange, administrerande direktør i Renevo.

Han er kjent med konkursen i Båtsfjord og deira argument.

– Me ser det som hensiktsmessig å ta teknologidiskusjonen direkte med leverandøren og ikkje gjennom media, skriv Stange i ein e-post til NRK.

Biogass Stord

Anlegget på Stord vert stengt mellombels medan ein ventar på oppgraderinga. Eigar utelukkar ikkje at det vert stengt permanent.

Foto: Olav Røli

Enova: Høgare risiko med desse to anlegga

Dei neste månadene vil dei prøva å få lønnsemd i fabrikken på Stord igjen.

– Er det ein sjanse for at fabrikken ikkje opnar igjen?

– Me kan ikkje garantera for det, men vår plan er at det skal opna igjen, seier Stange.

Samla har Enova støtta fabrikkane på Stord og i Båtsfjord med til saman 60 millionar kroner.

Anlegga i Vestland og Finnmark er begge definert av Enova som prosjekt som med umoden teknologi og høg grad av innovasjon.

– Me er kjent med at det var ein høgare teknologisk risiko for fabrikkane på Stord og i Båtsfjord, seier Trond Bratsberg, seniorrådgjevar i Enova.

Begge har søkt støtte under program for meir umoden teknologi.

Anlegget i Finnmark er no til sals, ifølgje bustyrar.

Innovasjon Norge har pant i anlegget, ifølgje iFinnmark.

Rotevatn på Renevo

Her er Sveinung Rotevatn (V), dåverande klima og miljøvernminister på Renevo sitt anlegg på Stord. I midten Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) og Renevo-gründer Jan Kåre Pedersen.

Foto: Eli Bjelland

Meiner dei har god løysing

Eirik Gundersen, dagleg leiar i Antec Biogas, seier dei meiner det var riktig og ansvarleg å stengja anlegget på Stord.

Han meiner deira teknologi er både er gjennomtenkt og velprøvd, men at bruken stiller krav til operatørane av anlegga og løpande kontroll av produksjonen.

Gundersen ynskjer ikkje å kommentera saka, heller ikkje påstandane frå eigaren av anlegget i Finnmark.

– Fryktar du juridiske skritt mot Antec?

– Nei, det gjer me ikkje, svarar han.

Biogass Norge: Må satsa på ny teknologi

Professor Morken ved NTNU seier det kan vera mange årsaker til at det oppstår feil ved biogass-produksjon.

– Materiale som inneheld ein del feittstoff kan ta tid. Dessutan kan husdyrgjødsel, som inneheld mykje cellulose også gjera at prosessen tek tid, seier han.

Pia Farstad von Hall i Biogass Noreg meiner ein må tora å prøva ny teknologi.

– Det som har vore spennande med Antec sin teknologi er at dei har teke ned tida på produksjon av biogass. Når ein driv innovasjon er det ikkje alltid ein treffer planken, seier von Hall.

Gründer og tidlegare eigar i Renevo på Stord, Jan Kåre Pedersen, ynskjer ikkje å kommentera kvifor dei valte Antec som leverandør til anlegget.

Her er kverner for matavfall på den konkursråka fabrikken i Båtsfjord.

Her er kverner for matavfall på den konkursråka fabrikken i Båtsfjord.

Foto: Roald Knudsen