– Naboen lurte på om han ikkje skulle riva bordkledninga for å finna den døde musa som låg i veggen. Men då han kom ut skjønte han at lukta kom frå biogassanlegget, seier Asmund Aasheim.
I eit nabolag i Stord kommune på Vestland, med utsikt til industriområdet Eldøyane, har Asmund budd i over 40 år.
Med eit stort verft som nærmaste nabo er han van med både støy, støv og lys frå terrassen.
Men då statsminister Jonas Gahr Støre i fjor vår opna ny biogassfabrikk på området starta eit naboforhold som lukta dårleg.
– Når vinden står rett veg er det ubehageleg å vera ute. Og om vinden står ein anna veg så tenkjer eg at andre får lukta midt i fleisen, seier han.
Han skildrar lukta som propan.
Og han kjente lukta allereie kort tid etter opninga.
Avisa Sunnhordland har tidlegare intervjua Aasheim.
Asmund Aasheim kikar å sitja på terrassen. Men det nye biogassanlegget har gjeve ei vond lukt. No meiner han verksemda må få kontroll.
Foto: Olav Røli / NRKStort potensial for energi
I ein ny rapport blir i biogass løfta fram som ei stor energikjelde for Noreg i framtida.
Både matavfall, avfall frå fiskeindustrien og husdyrgjødsel, kan verta konvertert til energi for både lastebilar og skip.
– Det betyr at vi kan produsere energi tilsvarande 15–30 Altakraftverk, utan å krenkja urfolks rettar eller gjere store inngrep i naturen, seier Runar Bålsrud i Avfall Noreg om rapporten.
Til anlegget på Stord blir det både levert husdyrgjødsel og fiskeavfall.
Men i vinter har luktplagene frå anlegget vore så sterke at Stord kommune har bede Statsforvalteren i Vestland om å ta affære.
Statsforvaltaren har i sitt utsleppsløyve til fabrikken sagt at det berre skal lukta 7 timar i månaden.
Men heilt sidan oppstart har dei fått klager frå naboane.
Og no i vinter har det toppa seg.
– Dette må fabrikken ta tak i, seier Sissel Storebø, seksjonsleiar miljø hos Statsforvaltaren i Vestland.
Skal vera lukka
Renevo har fått støtte frå Enova til anlegg to andre stader i Vestland, både Jondal og Etne.
– Ingen er interesserte i at det skal lukta dårleg. Verken på industriområdet eller i Etne sentrum. Dette vil vera viktig for oss når me skal handsama byggjesøknaden om anlegget i vår kommune, seier ordførar i Etne, Mette Heidi Bergvåg Ekrheim (Sp).
Totalt er det 56 biogassanlegg i Noreg, og ytterlegare fire er under bygging, syner statistikk frå Biogass Norge.
– Produksjon av biogass er i utgangspunktet ein lukka prosess. Men materialet som skal inn i reaktorane må lagrast i forkant. Der er det viktig med gode anlegg med undertrykk som hindrar lekkasje av lukt, seier professor John Morken ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet NMBU.
Dei kvite klokkene er anlegget til Renevo. Dei er godt synlege frå nabolaget der Asmund bur.
Foto: Olav Røli / NRKSamla vart det produsert 736 gwh med energi frå biogassanlegga.
Det svarar til energiforbruket for 46.000 hushaldningar.
Store protestar
På Stord var det store protestar mot anlegget. Først i området Sagvåg, deretter frå Asmund sitt nabolag.
Men anlegget vart bygd.
– Det er freistande å seia, «kva var det me sa,» seier Jan Hugo Holten i Norges Miljøvernforbund.
Dei engasjerte seg sterkt mot planane. Mellom anna fordi dei frykta lukt.
Han er tydeleg på at biogass i eit større bilete er positivt.
Mellom anna fordi anlegga utnyttar avfall som kloakkslam, husdyrgjødsel og anna organisk avfall til energi.
– Men det kan ikkje vera sånn at slike anlegg skal gje folk hovudpine eller kvalme. Her må styresmaktene stille strenge krav, seier Holten.
Selskapet Renevo har også fått problem med ein tank som har implodert. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap seier til NRK at dette ikkje utgjorde nokon fare, men at dei vil gjennomføra tilsyn med verksemda.
Foto: Olav Røli / NRKØydelagt filter er årsaka
Jan Kåre Pedersen, administrerande direktør i Renevo AS, ber om orsaking for luktproblema.
– Me har hatt feil med barkfilteret. No har me bestilt nye filter av ein annan type. Me håpar luktproblema skal vera vekke innan få dagar, seier han.
Han fryktar ikkje at problema på Stord vil føra til auka skepsis andre stader.
– Dette er ny teknologi som me berre har hatt i drift i cirka eit halvt år. Dette løyser me etter kvart, seier han.
Jan Kåre Pedersen, administrerande direktør i Renevo tok i fjor i mot statsminister Jonas Gahr Støre til opning av fabrikken.
Foto: Eli Bjelland / NRKPia Farstad Von Hall i Biogass Norge meiner problema til Renevo er innkøyringsproblem.
Og at dette ikkje vil føra til stor skepsis andre stader i Noreg.
For nabolaget til Asmund Aasheim er det berre ein ting som gjeld.
– Eg er tilhengjar av ny teknologi. Men her må dei rett og slett få kontroll, meiner han.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker. Send meg ein e-post.