Hopp til innhold

Fiskeslo og kumøk skal ta lastebilar rundt om i heile landet

Snart kan du fylla biogass frå Alta i nord til Kristiansand i sør. Denne veka opna nytt anlegg i vest.

Fyllestation for flytende biogass

POPPAR OPP: Her er ein fyllestasjon for flytande biogass på Furuset i Oslo. Snart skal slike komma over heile Noreg.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

CO₂ i atmosfæren
419,7 ppm
1,5-gradersmålet
+1,08 °C
Les mer  om klima

I dag er det berre fyllestasjonar for flytande biogass i det sentrale austlandsområdet. Men snart er det venta at slike stasjonar vil dukka opp fleire stader i Noreg.

Flytande biogass er rekna som eit klimavennleg alternativ som drivstoff til lastebilar.

Enova har nyleg gitt støtte til bygging av 14 biogass-stasjonar, som er spreidde over heile Noreg.

Tysdag opna statsminister Jonas Gahr Støre ein ny biogassfabrikk på Stord i Vestland.

Her vert avfall frå fiskeindustri og møk frå lokale bønder samla inn og omdanna til mellom anna flytande biogass.

– Å laga energi av noko som elles ville ha vore avfall, er ein vinn-vinn-situasjon, seier Støre til NRK.

Ingvild Losnegård Koløen og statsminister Jonas Gahr Støre. Opning av biogassanlegg på Stord.

NY FABRIKK: Ingvild Losnegard Koløen tok i mot statsminister Jonas Gahr Støre tysdag på Stord tysdag. Der fekk han mellom sjå restprodukt frå biogassproduksjon i den nye fabrikken.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Med anlegget på Stord er det over 50 biogassanlegg i Noreg. Ytterlegare 22 er under planlegging.

– Me ynskjer oss fleire slike anlegg, seier Støre.

– Auka interesse

– Betre tilgang og fleire fyllestasjonar vil føra til at fleire investerer i lastebilar som går på biogass, seier Stig Arne Mortveit i Biogass Energi AS.

Dei skal investera rundt 120 millionar i bygging og drift av fyllestasjonar i åra framover, hovudsakleg i Sør-Noreg. Om lag 50 millionar er støtte frå Enova.

Dessutan vert tilgangen på biogass betre og betre.

Pia Farstad Von Hall er dagleg leiar i Biogass Noreg. Ho meiner at marknaden er i sterk framgang og at etterspurnaden er sterkt aukande. Til no har biogass vore i bruk på bussar og køyretøy i kommunal regi.

Tomas Olai Sønstebø og Jonas Gahr Støre

BIOGASSFABRIKK: Jonas Gahr Støre får ei innføring i korleis ein biogassfabrikk fungerer, frå Tomas Olai Sønstabø.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– No ser me ei aukande interesse for bruk på fleire tyngre køyretøy, ikkje minst i maritim sektor, seier ho.

Vil byta ut bilparken

Suldal Transport har 850 lastebilar som går på kryss og tvers i heile Noreg. Førebels går alle på vanleg diesel, men dei har fått Enova-støtte til kjøp av 30 lastebilar som skal gå på biogass. Vidare har dei søkt om støtte til ytterlegare 30.

– I løpet av ein treårsperiode håpar eg me kan ha om lag 100 bilar på biogass, seier dagleg leiar Rune Furseth.

Trailer full av biogass

DÅRLEG UTBYGD: Fleire lastebilar går no på biogass. Men framleis er nettet av fyllestasjonar dårleg utbygd.

Foto: Even Lusæter / NRK

Han er også med på satsinga på bygging av biogasstasjonar.

– No får me eit nettverk slik at ein kan køyra på biogass mellom dei største byane i sør-Noreg. Dette vil redusera utsleppa frå transportsektoren, seier han.

Miljøstiftinga Zero meiner bruk av biogass i transportsektoren er viktig for å kutta klimagassutslepp.

Ingvild Kilen Rørholt Zero

VIL HA KUTT: Ingvild Kilen Rørholt i Zero meiner at biogass er ein enkel måte for å kutta klimagassutslepp, men meiner myndigheitene må leggja til rette for bruken, med kutt i mellom anna bompengar.

Foto: Zero

– Om ein får eit utbygd nettverk for fylling av biogass, er dette ein fossilfri teknologi som er klar for utrulling, seier Ingvild Kilen Rørholt, fagansvarleg for transport i Zero.

Høna eller egget?

Det er likevel ikkje alle som opplever eit stort engasjement for det miljøvenlege drivstoffet. Svein Arthur Pedersen, salssjef for Volvo lastebilar i Bergen, seier kundane førebels har vore lunkne.

– Det er jo litt som med høna eller egget. Skal fyllestasjonane eller bilane komma først, spør han.

Han ventar likevel at engasjementet vil snu når fleire stasjonar kjem opp.

Jan Roger Halsøy i Noregs Lastebileigar Forbund Hordaland er klar i talen.

– Teknologien for biogass finst allereie og kan verta teken i bruk. Det kuttar klimagassutsleppa veldig, fortel han.

Landets første biogass-stasjon

FØRSTE: Dette var den første biogass-stasjonen i Noreg. No er ei rad slike stasjonar under planlegging og bygging.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK