Hopp til innhold

Undersøker mystisk video etter Lisa Holms forsvinning

Det massive søket etter 17 år gamle Lisa Holm held fram på fjerde dagen torsdag. Holm forsvann på veg heim frå jobb i Lidköping i Sverige søndag kveld.

Lisa Holm er sakna utanfor Lidköping i Sverige

17 år gamle Lisa Holm forsvann sporlaust på veg heim frå jobb utanfor Lidköping søndag.

Foto: Polisen.se

Lisa Holm vart sist sett då ho skulle heim frå jobben på ein kafé på Kinnekulle utanfor Lidköping. Mopeden hennar er funnen med nøkkelen i tenninga.

Hundrevis leitar etter Lisa Holm

Hundrevis av frivillige er med i søket etter Holm.

Foto: Björn Larsson Rosvall / TT / NTB scanpix

Over 900 frivillige leita etter jenta på onsdag, ifølgje lokalavisa Nya Lidköping-Tidningen. Også politi og hundepatruljar, helikopter og hestar deltok i søket. Leitinga held fram torsdag, i jordbruksområdet på sørvest-sida av Vanern i Västra Götaland.

– Det var om lag 300 meter i diameter i starten. No utvidar vi til kring 10 kilometer. Alle tilgjengelege ressursar skal gå gjennom dette området, seier pressetalsmann Stefan Gustafsson ved politiet torsdag morgon.

Lisa Holm youtube

Det korte klippet viser ei slags digital klokke som tel ned frå eitt minutt med ein tikkande lyd i bakgrunnen.

Foto: Skjermdump / Youtube

Sjekkar ut mystisk video

Etterforskarane har også fått tips om ein mystisk video som er publisert på Youtube under namnet til Lisa Holm. Det korte klippet viser ei digital klokke som tel ned frå eitt minutt med ein tikkande lyd i bakgrunnen

Lisa Holm søk i åker

I ein åker fann politiet eit mobildeksel som truleg høyrer til den sakna jenta.

Foto: Björn Larsson Rosvall / TT / NTB scanpix

Personlege eigedelar funne i ein åker

Hovudteorien til politiet er at jenta er utsett for noko kriminelt. Langs ein grusveg nokre kilometer frå kafeen har politiet funne delar av ein mobiltelefon som truleg høyrer til Holm.

I det same området vart det onsdag kveld funne personlege gjenstandar som truleg høyrer til 17-åringen, blant anna ein hanske og delar av ei klokkereim, skriv Expressen.

Har fått tips om mistenkeleg mann

Etterforskarane ser no nærare på ein tidlegare straffedømd mann, skriv Nya Lidköpings-Tidningen. Men det er uvisst om han noko med saka å gjere.

– Vi sjekkar alibiet til mannen. Vi har fått inn veldig mange tips om denne mannen, som har figurert veldig mykje på internett, seier politileiar Lars Johansson i Skovde-politiet.

Hestar er med i søket etter Lisa Holm

Frivillige med hestar leitar etter den sakna 17-åringen.

Foto: Björn Larsson Rosvall / TT / NTB scanpix

SISTE NYTT

Siste nytt