Hopp til innhold

Tømmer greske bankar for pengar

Hellas står overfor ei fullstendig bankkrise etter at eit møte mellom finansministrane i eurosonen braut saman i går kveld. Sidan i går har grekarane tatt ut éin milliard euro frå bankane, som kanskje ikkje har midlar til å overleve helga.

Greske banker

Grekarane har den siste veka tatt ut 2 milliardar euro frå dei greske bankane.

Foto: JOHN KOLESIDIS / Reuters

Dei siste fem dagane har om lag 2 milliardar euro er blitt tatt ut av greske bankar, inkludert rekordhøge 1 milliard berre i går. Eit samanbrot i samtalane mellom partane i eurosonen er frykta å skape endå meir flukt av bankmidlar, skriv The Guardian.

Landet kan vere eit steg nærare å bryte frå eurosonen.

Kort tid etter at det vart klart at det ikkje kom ein ny avtale frå møtet til eurogruppa torsdag, kalla EU-president Donald Tusk inn alle regjeringssjefane i eurolanda til eit ekstraordinært toppmøte på måndag.

– Det er på tide å diskutere situasjonen i Hellas på det høgste politiske nivået, sa Tusk.

Alexis Tsipras og Angela Merkel

Mykje står på spel når Angela Merkel, Alexis Tsipras og François Hollande møtast til ekstraordinært møte på måndag.

Foto: HANNIBAL HANSCHKE / Reuters

Krisemøte på måndag

Den tyske leiaren Angela Merkel, president i Frankrike François Hollande og den greske statsministeren Alexis Tsipras vart samde om å gjere eit siste forsøk på å hindre at Hellas går konkurs.

Men ein representant for den europeiske sentralbanken som var på møtet, var usikker på om greske bankar i det heile tatt ville ha midlar til å kunne opne på måndag.

Ifølge NA24 skal den europeiske sentralbanken (ESB) fredag ha godkjent en ny runde med kriselån til greske banker gjennom det såkalte ELA-programmet (emergency liquidity assistance).

Grekarane fryktar bankkrise

Når grekarane tek ut så mykje pengar kan det tyde på fleire ting, meiner Øystein Dørum, sjeføkonom i DNB.

– Dersom dei greske bankane går konkurs, risikerer hushald og bedrifter at innskota i euro vert konvertert til drakmar. ein annan frykt er at bankane går over ende, og at dei tapar pengane av den grunn.

Ei tredje frykt som grekarane no kan kjenne på er at styresmaktene konfiskerer pengane deira, ifølgje Dørum.

Vi såg noko liknande i Kypros for to år sidan. For å unngå at bankane vart tømt for pengar, innførte ein restriksjonar på kundane sitt uttak av pengar, sokalla kapitalkontroll. Det kan og verte ein realitet i Hellas, seier Dørum.

Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB NOR

Sjeføkonom i DNB, Øystein Dørum, seier at grekarane er redde for å tape pengane sine.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Ein vond sirkel

Dersom grekarane held fram med å ta pengane ut av banken, må anten den europeiske sentralbanken fylle på meir til stadig meir skakkøyrde og tapsutsette bankar, eller så må banken kutte i utlåna i den grad det er mogleg, fortel Dørum.

– Dersom pengane renn fortare ut av banken enn banken greier å hente dei inn att, så går den konkurs. Og jo meir sannsynleg dette er, desto fleire vil ta ut pengane sine, fortel han.

– Mykje står på spel

Når partane møtast igjen til det ekstraordinære toppmøtet, blir det vanskeleg for statsminister Tsipras og hans parti Syriza, fortel Maria Dyveke Styve, stipendiat ved Universitetet i Bergen. Ho var tidlegare politisk rådgjevar for SLUG – Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk.

– Om dei aksepterer krava frå kreditorane for å få igjennom ein avtale i siste liten, vil dei bryte direkte med valløfta om å få ein slutt på kuttpolitikken. Alternativet er å ikkje betale det internasjonale pengefondet 30 juni, og dermed risikere å verte kasta ut av eurosonen, fortel Styve.

SISTE NYTT

Siste nytt