Hopp til innhold

Taliban storma fengsel – 350 på frifot

Over 350 fangar er på frifot etter at Taliban storma eit fengsel i byen Ghazni i Afghanistan.

Ghazni

– Taliban-opprørarar kledde i militæruniformer gjekk til åtak på fengselet i Ghazni natt til måndag, opplyser viseguvernøren i Ghazni, Mohammed Ali Ahmadi.

Ifølgje viseguvernøren klarte 352 fangar å rømma frå fengselet som følgje av åtaket. 150 av desse var frå Taliban.

Tek på seg ansvaret i epost

Ein Reuters-reporter på staden seier at han såg dei døde kroppane til to menn som truleg var sjølvmordsbombarar og ein utbrend bil som skal ha blitt brukt til å sprengja inngangsporten til fengselet.

Taliban hevdar å stå bak «det vellukka »åtaket i ein epost sendt til media. Ein talsmann seier at menn med skytevåpen og bomber angreip fengselet klokka 02 natt til måndag lokal tid, og at alle fangane kom seg fri.

– Viktige militante mujahedinar (soldatar i heilag krig; journ.merk) er lauslatne, skriv ein talsmann for Taliban.

Sju opprørarar frå den islamistiske Taliban-rørsla og fire soldatar frå dei afghanske tryggingsstyrkane vart drepne i åtaket, ifølgje lokale styresmakter.

Ghazni ligg om lag 120 kilometer sørvest for hovudstaden Kabul.

Taliban kjempar for å styrta det vestleg-støtta regjeringa til president Ashraf Ghani, utvisa utanlandske styrkar frå landet og innføra eit styre basert på islam og strenge sharialovar.

SISTE NYTT

Siste nytt