Strauss Kahn, som har vore under etterforsking for valdtekt i New York, reiste laurdag kveld frå USA med fly.
Strauss-Kahn gjekk om bord i eit fly til Frankrike saman med kona Anne Sinclair.
Påtalemakta la bort saka mot den tidlegare IMF-sjefen fordi det vart reist tvil om truverdet til kvinna som skulda han for valdtekt.
Uviss framtid
Det var eit stort presseoppbod då ekteparet kom til John F. Kennedy-flyplassen seint i kveld norsk tid, og dei to vart geleida gjennom mylderet av journalistar av tryggingsvakter inn til tryggingskontrollen.
Det er uklart om Strauss-Kahn vil prøve å kome tilbake til fransk politikk.
Den 62 år gamle økonomen og politikaren gjekk av som IMF-sjef i mai, etter at han vart arrestert, mistenkt for valdtekt av ei kvinne som arbeidde på hotellet han budde på i New York.
Ripar i lakken
Sist droppa påtalemakta saka mot han etter at det viste seg at kvinna på fleire punkt ikkje hadde snakka sant. Dermed meinte statsadvokaten i New York at dei ikkje hadde ei sterk nok sak mot Strauss-Kahn.
Strauss-Kahn var favoritt til å bli det franske sosialistpartiet sin presidentkandidat ved valet neste år.
Han var rekna for å vere den som hadde størst sjanse til å slå den sitjande presidenten Nicolas Sarkozy, men saka i New York har truleg øydelagd for den politiske karrieren hans.