Etter at Vladimir Putin vart skilt frå kona si i fjor har rykta svirra. Har han fått seg ny kjærast? Under dagens årlege pressekonferanse kunne Vladimir Putin slå fast at, jau då, han er ikkje heilt utan kjærleik i livet sitt.
– Etter det som skjedde i fjor (skilsmisse journ.anm), spurte ein ven av meg: «Har du kjærleik i livet ditt?». Eg svara «Ja». Han spurte vidare «Er det nokon som elskar deg tilbake?». Eg svara «Ja». Så sa venen min «Takk Gud». Så drakk han litt vodka, og eg sa «Du treng ikkje uroe deg for meg», sa Putin til latter frå salen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Han la til at han har eit godt forhold til eks-kona Ludmila, og dei to døtrene, sjølv om han ikkje får sjå dei så ofte.
Dei siste åra har fleire sider av presidenten sitt privatliv vekka merksemd, sjølv om russiske medium sjeldan graver seg ned i presidentens private saker. Bilete av Putin saman med isbjørnar, tigrar og Harley Davidson-gjengar, samt bilete av presidenten i bar overkropp oppå ein hest har vekka merksemd.
- LES OGSÅ:
Namnet på hans spesielle utvalde vil ikkje Putin ut med, heller ikkje under dagens pressekonferanse. Men ryktebørsen vil ha det til at den tidlegare rytmiske sportsgymnasiasten Alina Kabayeva er presidentens utkåra.
Kabayeva har vore medlem av det russiske parlamentet for Putins parti, men sa nyleg frå seg parlamentssetet for å bli leiar for ei pressegruppe med tette band til regjeringa og Kreml. I vinter fekk ho også æra av å springe med OL-fakkelen under opningsseremonien til Sotsji-OL.
SJÅ BILETA FRÅ PUTINS PRIVATLIV: