Hopp til innhold

Olesya (21) overlevde skot i halsen

KIEV/OSLO (NRK) : «Eg er i live!» tvitrar den frivillige medisinstudenten som vart skoten i halsen av ein skarpskyttar då ho torsdag gav hjelp til skadde under kampane i Kiev.

Olesya Zhukovskaya

Dette biletet av Olesya Zhukovskaya blei teke før ho blei skoten medan ho jobba som frivillig under dei valdelege demonstrasjonane i Kiev.

Foto: Privat (Vkontakte-siden til Olesya Zhukovskaya)

Olesya Zhukovskaya

Olesya Zhukovskaya har vore frivillig under demonstrasjonane.

Foto: Privat (Vkontakte-siden til Olesya Zhukovskaya)

«Eg lever! Takk til alle som støtta meg og bad for meg, Eg er på sjukehuset men tilstanden min er stabil!» skriv Olesya Zhukovskaya på Twitter-profilen sin fredag ettermiddag.

Den unge medisinstudenten Zhukovskaya har blitt eit symbol på valden som herjar i gatene i Ukraina etter at ho torsdag blei skoten i halsen då ho jobba som frivillig på Uavhengigheitsplassen i den ukrainske hovudstaden.

«Eg døyr»

Torsdag var den dødelegaste dagen hittil i den politiske uroa i Ukraina. Minst 70 demonstrantar vart drepne og over 500 såra i kampane, ifølgje opposisjonen.

Zhukovskaya var til stades midt i skotvekslingane i sentrum av Kiev for å hjelpa dei mange som var såra då ho sjølv fekk ei kule i halsen.

Den førre tweeten hennar «eg døyr» blei fanga opp og kringkasta verda over. Sidan har alle venta på eit livsteikn frå kvinna.

Laster Twitter-innhold

Eit bilete viser angiveleg Zhukovskaya som tek seg til det blodige skotsåret i halsen medan ho blir frakta vekk av meddemonstrantar.

21-åringen blei frakta til sjukehus for behandling. Tilstanden hennar etter operasjonen var lenge alvorleg, ifølgje legen Oleh Musiy, den medisinske koordinatoren til opposisjonen.

Laster Twitter-innhold

Nyval og grunnlovsendringar

Dei siste opplysningane frå helsestyresmaktene i Ukraina er at 77 er drepne og 577 såra sidan kampane mellom politi og demonstrantar for alvor braut ut tysdag denne veka.

Situasjonen har vore svært spent og det har gått føre seg intense forhandlingar i den ukrainske nasjonalforsamlinga. Fredag føremiddag enda diskusjonane i eit slagsmål mellom fleire av parlamentsmedlemmene.

Fredag morgon opplyser kontoret til president Viktor Janukovitsh at det er semje mellom regjeringa og opposisjonen.

Den politiske avtalen medfører blant anna nyval innan september, innføring av ei koalisjonsregjering med nasjonal støtte og endringar i grunnlova som innskrenkar makta til presidenten.

Fredag har tilstandane i Kiev vore langt rolegare enn gårsdagen, men ifølgje politiet skal demonstrantane ha opna eld mot dei og prøvd å pressa seg fram mot parlamentsbygget.

Ei større gruppe politimenn som fredag gjekk over på demonstrantane si side, blei hylla som heltar på Maijdan-plassen med tilropa «flinke gutar, flinke gutar» frå folkemengda.

ww

Fredag er det roleg i gatene etter torsdagens blodbad, fortel NRK-reporter Kristian Aanensen i Kiev.

SISTE NYTT

Siste nytt