Hopp til innhold

- Verste blodbadet i Kiev sidan andre verdskrigen

Kiev (NRK): – Dette er det verste blodbadet i Kiev sidan andre verdskrigen, seier NRK-korrespondent Hans-Wilhelm Steinfeld. Lobbyen i hotellet han bur på har i dag fungert som lasarett og likhus.

Døde i lobbyen på Hotell Ukraina i Kiev.

Ein ortodoks prest velsignar dei døde i hotellobbyen på Hotell Ukraina.

Foto: DAVID MDZINARISHVILI / Reuters

Det offisielle talet på døde er i ettermiddag oppgitt til å vere 67, men ein lege frå opposisjonen seier at talet truleg er oppe i 100. Andre kjelder hos opposisjonen seier at minst 70 er drepne i løpet av dagen.

Hans-Wilhelm Steinfeld og fotograf Jurij Linkevitsj i Kiev

NRK-korrespondent Hans-Wilhelm Steinfeld på balkongen utanfor rommet sitt i Hotell Ukraina.

Foto: NRK

Hotell Ukraina ligg nesten heilt inn til Instituttgata og Sjølvstendeplassen, og frå balkongen på rommet sitt i sjuande etasje var Steinfeld i føremiddag augevitne til det som skjedde. Han rapporterte frå utsiktsplassen sin heilt til ein av opprørspolitiet sine skarpskyttarar på eit hustak like ved fatta litt for stor interesse for mannen på balkongen.

Skarpskyttarar på taket

Steinfeld fortel at ein kvinneleg akuttlege han snakka med ved 15-tida norsk tid, Alla Pasjenko, sa at ho personleg hadde teke hand om 20 døde menneske.

– Mellom klokka åtte og ni i dag tidleg filma vi mellom 40 og 50 menneske som var skotne og såra. Eg veit ikkje kor mange av dei som døydde. Skotsåra tyder på at skarpskyttarane på taka sikta mot hovud, mage og hovudpulsåra på halsen, seier Hans-Wilhelm Steinfeld på telefonen frå Kiev.

Mange døde i lobbyen i Hotell Ukraina.

Lobbyen i Hotell Ukraina har i dag fungert som sjukestove og likhus.

Foto: DAVID MDZINARISHVILI / Reuters

Det har i heile dag vore kaotisk i lobbyen på Hotell Ukraina. Døde og såra menneske har fylt heile den romslege lobbyen, og legar har kjempa ein desperat kamp for å berge liv. Ein lege seier at det ikkje er tvil om at skarpskyttarane skyt for å drepe.

LES OGSÅ: Nye sammenstøt i Kiev – minst 27 døde

LES OGSÅ: – De har langt flere å sørge over nå

Kuler frå Kalasjnikov

– Desse kulene er laga for å trengje gjennom skotsikre vestar. Dette er frå ein Kalasjnikov. For dei som skyt er dette berre ein jobb, seier legen medan han viser fram ei kule han har operert ut av ein såra demonstrant.

Hans-Wilhelm Steinfeld meiner det no er vanskeleg å sjå at det skal kome til nye forhandlingar mellom presidenten og opposisjonen.

– Det skulle ha vore våpenkvile og landesorg i dag, der Kiev skulle gravleggje sine døde. I dag har byen fått mange fleire å sørgje over. Nei, det er ikkje lett å sjå at det skal kome ein dialog etter det eg har sett på Instituttgata i dag, seier NRK-korrespondenten.

Hans-Wilhelm Steinfeld kom svært nær begivenhetene i Kiev i dag

KIEV: Hans-Wilhelm Steinfeld rapporterer

Lege i Hotell Ukraina i Kiev.

Alla Pasjenko er ein av legane som har jobba i lobbyen på Hotell Ukraina i dag. Ho har sjølv teke hand om 20 døde.

Foto: NRK
Harde gatekamper i Kiev.

Det har i heile dag vore blodige gatekampar mellom politi og demonstrantar i sentrum av Kiev.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp
Kart Ukraina
Foto: NRK

– De har langt flere å sørge over nå

SISTE NYTT

Siste nytt