Afghanistan, Kabul - Ein amerikansk NATO-konvoi på veg inn til innanriksdepartementet i Kabul. Ein politimann som er mistenkt for drapa på to NATO-rådgjevarar laurdag er på frifot. - Foto: Musadeq Sadeq / Ap

Ein amerikansk NATO-konvoi på veg inn til innanriksdepartementet i Kabul. Ein politimann som er mistenkt for drapa på to NATO-rådgjevarar laurdag er på frifot.

Foto: Musadeq Sadeq / Ap

Klappjakt på politimann etter NATO-drap i Kabul

Politiet i Kabul jaktar på ein afghansk politibetjent som er mistenkt for å ha drepe to amerikanske NATO-­tenestemenn i innanriksdepartementet.

Den mistenkte politimannen er 25 år gammal og jobba for etterretningsseksjonen ved innanriks­departementet, men har no forsvunne.

– Tenestemenn meiner han er gjerningsmannen, og dei leitar etter han. Me kan på noverande tidspunkt ikkje konkludera med om han er drapsmannen eller ikkje, seier ei kjelde i departementet.

Dei to amerikanarane, ein oberstløytnant og ein major i den NATO-leidde ISAF-styrken, skal ha vorte skotne på kloss hald inne det godt vakta innanriksdepartementet i Kabul laurdag, hovudstaden i Afghanistan.

Fryktar talibanske muldvarpar

Ifølgje ei afghansk kjelde må drapsmannen ha hatt høg tryggingsklarering for å ta seg inn i rommet der amerikanarane vart drepne. Den islamske fundamentalistiske rørsla Taliban hevda i går at det var dei som stod bak drapa.

Dersom skytinga blir kopla opp mot afghanske styrkar, vil det gje ny grobunn for spekulasjonar om talibansk infiltrasjon , og så tvil om landet si evne til å sikra ro og orden i Afghanistan etter at kampstyrkane til NATO trekkjer seg ut i 2014.

Det har vore massive, dødelege opptøyar i Afghanistan etter koranbrenninga på ein amerikansk militærbase tysdag denne veka. Ifølgje afghanske styresmakter har opptøyane kravd 29 menneskeliv, medan minst 200 personar er såra.

Uroa held fram søndag. Sju amerikanske soldatar er såra etter at demonstrantar kasta ein handgranat inn i ein militærleir i den nordlege byen Kunduz.

Samstundes trekkjar den franske ambassaden syndag alle rådgjevarar ut frå agfhanske statsinstitusjonar.

Karzai: – På tide å opptre roleg og fredeleg

Etter drapa i innanriksdepartementet i går, trekte både NATO og Storbritannia ut personell frå Kabul.

Både leiaren for NATO-styrkane i Afghanistan og USAs president Barack Obama har bede om orsaking. Også presidenten i Afghanistan, Hamid Karzai, har oppmoda demonstrantane og tryggingsstyrkane i landet om å roa aggresjonsnivået, utan at det har dempa raseriet blant truande afghanarar.

– No når me har vist kjenslene våre, er det på tide å opptre roleg og fredeleg, sa Hamid Karzai i oppmoding til folket som blei send på afghansk fjernsyn søndag.

Presidenten understreka samstundes at han fordømmer med dei sterkaste orda måten Koranen har blitt behandla på i den amerikanske basen, og lovar at dei skuldige vil bli straffa.

(Saka held fram under biletet)

AFGHANISTAN - Presidenten i Afghanistan, Hamid Karzai, manar til ro og lovar folket at dei ansvarlege for koranbrenninga vil bli straffa. - Foto: MOHAMMAD ISMAIL / Reuters

Presidenten i Afghanistan, Hamid Karzai, manar til ro og lovar folket at dei ansvarlege for koranbrenninga vil bli straffa.

Foto: MOHAMMAD ISMAIL / Reuters

Åtak på norsk leir og FN-bygg

Tidlegare i veka gjekk illsinte demonstrantar til åtak på den norske leiren i Maimana. Ein norsk soldat fekk splintskadar i foten av ein handgranat som blei kasta inn frå utsida, og det blei fyrt av ein rakett mot leiren.

Fredag oppstod det kampar mellom demonstrantar og politi då fleire tusen afghanarar prøvde å storma eit FN-bygg i den nordlege byen Kunduz. Minst fire personar vart drepne og over 50 såra i samanstøytane.

Muslimane ser på Koranen som Guds ord og behandlar kvar kopi av den heilage boka med djup vørdnad.

Den sterkt provoserande brenninga kan få negative konsekvensar for det viktige fredsfremjande arbeidet i landet før tilbaketrekkinga av NATO sine stridssoldatar i 2014.

Utvalgte dokumentarer

No. dokumentar. Sumaren 1989 opnar grensa mellom Østerrike og Ungarn nokre dagar. Eit ungt par fra Aust-Tyskland, Gundula Schafitel og Kurt-Werner Schultz, bestemmer seg for å krysse grensa med den seks år gamle sonen. Men før dei når fram, har grensa blitt stengd igjen. Når dei likevel prøver å komme seg over, blir Kurt-Werner skoten og drepen framfor Gundula og sonen. Hendinga får store ringverknader, og blir byrjinga på murens fall.
Am. dokumentar. En surrealistisk og utrolig historie om en flyktig kjærlighetsaffære mellom to fiendtlige supermakter på høyden av den kalde krigen. Denne historien kunne blitt slutten på stillingskrigen lenge før Gorbatsjov. Høsten 1959 drar Sovjetunionens leder, Nikitia Khrusjtsjov, til Washington på det han senere beskriver som sitt livs reise. På samme tid bygde vanlige amerikanske borgere tilfluktsrom i hagene sine i frykt for en russisk atombombe. Khrusjtsjov både forførte og skremte amerikanerne på de to ukene han var på besøk. (Khruschev Does America)
Svensk dokumentar. Da den sovjetiske ubåten U137 gikk på grunn utenfor Karlskrona i Sverige i oktober 1981, var det mange detaljer som aldri kom fram i mediene. Nye opplysninger og vitnemål kaster nå nytt lys over hendelsesforløpet.