Eit offentleg bygg i sentrum av Kinshasa skal ifølgje nyheitsbyrået AFP stå i full brann etter at hundrevis av ungdommar sette fyr på bygget. Fleire fangar skal vere rømte frå eit fengsel i tilknyting til det påtente bygget.
Ungdomsgjengane har i heile dag vore ute i hovudstadens gater for å protestere mot eit lovforslag som skal bli handsama i landets parlament i dag.
Skrudd av internett
Lova vil kunne utsette det planlagde valet i Den demokratiske republikken Kongo i 2016, og dermed føre til at president Joseph Kabila får sitte lengre ved roret.
Opposisjonen i landet har oppmoda til protestar, og det har vore uroleg i hovudstaden Kinshasa i fleire dagar. I går skal minst tre personar ha blitt drepne, to sivile og ein politimann.
- LES OGSÅ:
Styresmaktene har også skrudd av internettet i hovudstaden, men har ikkje gitt noko offentleg forklaring på kvifor dei har gjort det.
Kabila har regjert i 14 år
Kongo har ei lang, konfliktfylt historie bak seg. Landet var opphavleg ein belgisk koloni, fram til 1960 då det nærast over natta vart eit sjølvstendig land. Nærast ingen av innbyggjarane i det enorme landet hadde utdanning, og i åra som følgde var det ulike diktatorar som regjerte.
- LES OGSÅ:
I 2001 vart Joseph Kabila sett inn som ny leiar av landet. I ein alder av 28 år skulle han leie det ressursrike landet.
Kabila vann det første frie valet i Kongo i 2006, og det same gjorde han i 2011. Etter landets grunnlov skal hans regjeringstid eigentleg vere over i 2016. No prøver Kabila å få gjennomført eit nytt manntal i Kongo, som ifølgje ekspertar kan utsette valet i opptil tre år.
Ikkje første som prøver å forlenge
Om Kabila faktisk prøver og klarer å sitte lengre ved makta, så er han ikkje den første afrikanske presidenten som klarer nettopp det. Døma er mange, men sistemann som prøvde seg feila stort.
Blaise Compaore vart kasta som president i Burkina Faso i fjor haust då store folkemengder samla seg i gatene i hovudstaden Ouagadougou for å protestere mot Compaores forsøk på lovendring, som kunne føre til at han kunne stille til val på ny.
Det er også uroleg i Aust-Kongo der væpna grupper driv ein geriljakrig, og er skulda for å stå bak drap og grove valdtekter.
- LES OGSÅ: