Rundt 170.000 menneske er fordrive av flaumvatn i Malawi, og store mengder med avlingar er skada av det same vatnet.
– Det me ser no er jo det FNs klimapanel og fleire andre åtvarar mot. At denne typen klima vil ein sjå meir av framover, og eit fattig land som Malawi er ekstra utsett, seier Kari Helene Partapuoli som er dagleg leiar i Utviklingsfondet.
- LES OGSÅ:
– Mykje er skylt bort
Organisasjonen jobbar mellom anna med mattryggleik, og saman med sine lokale samarbeidspartnarar i Malawi følger dei nøye med på flaumen som råkar landet.
– Nesten heile landet er avhengige av det dei produserer av mat sjølv. Småbønder og landbruk er den største næringsvegen for folk. Det er ikkje lenge sidan frø vart sådd, og det er ingen som veit kor mykje som er skylt bort no. Men det er mykje, seier Partapuoli.
Malawi er blant verdas fattigaste land, og mangelen på mat er til kvar ein tid ein realitet for folk flest. Partapuoli meiner land som Malawi er blant dei som merkar klimaendringane i verda best.
– Klimaendringane treff oss ikkje likt. Det har mykje større konsekvensar for fattige, og land kor infrastrukturen er dårleg, og der ein er meir avhengig av ei bestemt næring. Difor vert klimaendringane merka på ein heilt annan måte enn andre stader, seier den daglege leiaren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ustabile regntider og kortare såperioder
For å kunne svare på katastrofane, så er det naudsynt med betre infrastruktur og god beredskap i krisetilfelle, meiner Partapuoli, som trur flaumar som den i Malawi berre vil bli vanlegare i framtida.
– Malawi merker klimaendringane allereie. Det er ustabile regntider og kortare såperiodar. Eg trur dette vil bli vanlegare i framtida. Me ser allereie dette i dei områda kor me har prosjekt, slik som i Malawi, Etiopia og Nord-Somalia. Klimaet forandrar seg. Det kjem meir styrtregn og flaum.
Partaupoli understrekar at det er fleire årsaker enn vêret til fattigdom og matmangel, men flaum og tørke bidreg ikkje til ei betring, minner ho om.
– Klimaendringar er ikkje åleine skuld i fattigdom og dårleg matproduksjon, men det fører til at dei som allereie har det dårleg får det endå dårlegare.