Hopp til innhold

Forskar vil setja ut elefantar i Australia for å hindra brannar

Elefantar og nashorn kan bli sette ut i Nord-Australia for å hindra skog- og grasbrannar, føreslår ein australsk forskar.

Afrikanske elefanter

Elefantar kan hindra store brannar i Australia ved å eta gras, meiner forskar.

Foto: Karel Prinsloo / Ap

I ein artikkel i magasinet Nature forklarer Dr David Bowman, som er økolog ved Universitetet i Tasmania, korleis dei store og grasetande dyra kan hjelpa til.

Skog- og grasbrannar er eit stort problem i Australia, og mykje av graset som lett brenn er opprinneleg afrikansk.

Bowman meiner både elefantar og nashorn er eigna til å avgrensa mengdene av dette graset, og dermed hindra ukontrollerte og øydeleggjande brannar.

– Situasjonen er ute av kontroll. I fjor opplevde me ein brann sentralt i Australia som strekte seg over eit område like stort som Tasmania, seier Bowman til den britiske avisa The Telegraph.

Vesle Milan Smith vasser i vannet mens det brenner i Mt. Beauty i Australia.

Skog- og grasbrannar er eit stort problem i Australia. Her frå Mount Beauty i fjor sommar.

Foto: CHRIS HOCKING / AP

Det er denne veka tre år sidan Australia opplevde den største skogbrannkatastrofen i moderne tid. 7. februar 2009 blir også kalla Black Saturday. Minst 173 menneske omkom då dei prøvde å sløkkja brannane, forsvara heimane sine eller søkja tilflukt.

Les også: Nasjonen sørget over branndøden

– Treng sabeltanntigrar også

Alle er likevel ikkje nøgde med forslaget om å innføra elefantar for å løysa problemet. Kritikarane meiner desse dyra kan koma til å bli like vanskelege å kontrollera som graset er i dag.

– Viss me skal setja ut elefantar, må me også utvikla ein teknologi for å klona sabeltanntigrar, som igjen kan kontrollera elefantane, seier Dr Ricky Spencer ved University of Western Sydney.

To milliardar padder etter eksperiment

Agapadde med store giftkjertler

Det er no to milliardar agapadder i Australia etter eit mislukka eksperiment på 1930-talet.

Foto: NRK

Australia har fleire gonger prøvd å innføra nye artar for å takla ulike problem, men eksperimenta har hatt blanda resultat.

På 1930-talet blei agapadder importerte frå Hawai for å hindra at biller skulle øydelggja sukkerplantasjane i Nord-Queensland. Sidan har paddene spreidd seg over heile landet, og det finst no to milliardar av dei.

– Er me klare for å prøva endå eit eksperiment, og håpa at elefantane ikkje liker dei australske trea for godt? Kan me i tilfelle be dei om å berre eta gras? spør professor Patricia Werner ved The Australian National University.

– Må tenkja nytt

Dr Bowman vedgår at forslaget hans med vilje er skapt for å få i gang ein debatt om vanskane med å kontrollera det opprinneleg afrikanske graset nord i Australia. Han meiner graset fungerer som drivstoff for dei intense skogbrannane.

– Me må tenkja utanfor boksen. Å innføra elefantar er kanskje ein dum ide, men er det ein god ide å ha verdskjende grasbrannar ute av kontroll? spør han.

SISTE NYTT

Siste nytt