Nemtsov, som er tidlegare russisk visestatsminister, vart skoten på open gate seint i kveld lokal tid, ifølgje det russiske nyheitsbyrået Tass. Drapet skjedde i sentrum av den russiske hovudstaden, og politikaren vart treft av fire skot.
Han vart livstruande såra og døydde kort tid seinare på sjukehus. Politiet opplyser at dei arbeider med å sikre bevis på staden.
– Ekstraordinære tiltak
Nyheitsbyrået Interfax melder at politiet i Moskva er i full beredskap i natt og at det er sett i verk ekstraordinære tiltak.
Det er motstridande meldingar om korleis drapet skjedde. Nokre meldingar går ut på at Nemtsov vart skoten av fleire væpna menn, andre seier at det var ein einsleg mann som stod bak ugjerninga. Andre meldingar går ut på at det vart skote mot han frå ein kvit bil.
Nettavisa Meduza melder at fire personar hoppa ut av ein bil og skaut Nemtsov, før dei forsvann frå åstaden
Drapet skjedde på ei av dei store bruene over Moskva-elva, Bolsjoj Moskvoretskij most, ikkje langt frå Kreml.
Ein talsmann for innanriksdepartementet seier at Nemtsov vart skoten fire gonger i ryggen klokka 2340 lokal tid. Opposisjonspolitikaren var på spasertur saman med ei kvinne då drapet skjedde.
Sjokkbølgjer
Drapet på Nemtsov er det mest alvorlege politiske drapet i Russland sidan journalisten Anna Politkovskaja vart skoten i 2006, og drapet har sendt sjokkbølgjer gjennom det russiske samfunnet.
Boris Nemtsov var grunnleggjar av partiet Unionen av høyrekrefter. Han var fødd i 1959 i OL-byen Sotsji ved Svartehavet. På 1990-talet vart han kjent som ein reformvenleg politikar som blant anna var guvernør i Nizjnij Novgorod-fylket nordaust for Moskva. Han var i ein periode første visestatsminister under tidlegare president Boris Jeltsin.
Under Putins styres på 2000-talet fekk han stadig mindre innverknad på politikken, og han kom etter kvart i skarp opposisjon til det han sjølv meinte var ei udemokratisk utvikling i Russland.
Varsla demonstrasjon
Nemtsov var ein av initiativtakarane til ein større demonstrasjon mot den økonomiske politikken i Russland, som etter planen skulle haldast førstkomande søndag.
Ein talsmann for president Vladimir Putin seier at mordet ser ut til å vere eit bestillingsdrap, og at det kan vere ein provokasjon. Putin tek sterk avstand frå drapet, heiter det.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: