Hopp til innhold

- Høyrde høglydt krangel før kvinna fall

Ein tilsett på cruiseskipet «Costa Fortuna» har forklart at han høyrde høglydt krangel mellom to personar før ei 52 år gammal italiensk kvinne fall i sjøen frå ein balkong på cruiseskipet medan det låg ved kai i Flåm i Sogn og Fjordane.

Luftambulansen i Flåm

Etter at den italienske kvinna vart plukka opp frå sjøen i Flåm vart ho sendt til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Foto: Arne Veum / NRK

Italiensk politi har starta drapsetterforsking etter det som skjedde søndag 19. juli i år på cruisekaia i Flåm. Den italienske kvinna fall mellom 30 og 35 meter frå balkongen til lugaren, der ho budde saman kjærasten, og ned i sjøen.

Det er denne mannen som politiet no mistenkjer for å ha dytta kvinna.

– Ikkje sjølvmordsforsøk

Norsk politi sa først at det verka som at kvinna var utsett for ei kriminell handling, men seinare gjekk dei bort frå dette og sa at det ikkje var mistanke om noko kriminelt . Det betyr truleg at det var mistanke om at det kunne ha vore eit sjølvmordsforsøk.

Etter å ha vore halden i kunstig koma heilt sidan hendinga, først på Haukeland universitetssjukehus og sidan på Molinette-sjukehuset i Torino, vart ho tidlegare denne veka vekt opp. Då ho vakna gjorde ho det straks klart at ho ikkje hadde prøvd å ta livet sitt.

Den italienske storavisa La Stampa skriv i dag at den 52 år gamle kvinna har hatt eit forhold til mannen ho reiste saman med på Noregs-cruiset, dei siste tre åra. Forholdet mellom dei to blir av familiemedlemer karakterisert som «stormfullt» og «problemfylt».

Ifølgje avisa har ho tidlegare skulda mannen for mishandling.

Sjøreisa til fjordane på Vestlandet skulle ifølgje familiemedlemer vere eit forsøk på å reparere eit skrantande forhold.

10 døgn på Haukeland

Familien hennar har også gitt klar beskjed til sjukehuset om at kjærasten ikkje skal få tilgjenge til rommet på sjukehuset der ho ligg.

Politiet i Torino er svært interessert i å vite kva som skjedde på Haukeland universitetssjukehus dei første dagane etter fallet, då den 52 år gamle kvinna svevde mellom liv og død. Ifølgje La Stampa sat då kjærasten ved sjukesenga hennar utan at det var andre til stades i rommet.

Den italienske kvinna var innlagt på Haukeland fram til 30. juli, då det vart avgjort at tilstanden hennar hadde vorte så pass betre at ho kunne overførast til eit sjukehus i Torino med eit ambulansefly.

Overvakingskamera

Den italienske etterforskingsleiaren Mark Sanini seier at det som skjedde før kvinna ramla i sjøen i Flåm 19. juli, og dei følgjande ti dagane ho låg på sjukehus i Bergen, som er hovudfokus for etterforskinga.

Overvakingskamera om bord på «Costa Fortuna» har fanga opp delar sjølve fallet frå balkongen. Avisa La Prepubblica melder at fleire tekniske funn støttar opp om kvinna si forklaring om at ho ikkje hoppa frivillig over bord.

Kvinne fall over 30 meter frå turistskip

SISTE NYTT

Siste nytt