Kvinne fall over 30 meter frå turistskip

FLÅM (NRK): Ei kvinne i 50-åra frå Italia er kritisk skadd etter å ha falle over bord frå eit turistskip i Flåm. Politiet opplyste først at ei «valdshandling» kan ha vore årsak til fallet, men seint søndag kveld kjem det fram at det ikkje har skjedd noko straffbart ombord.

KRITISK SKADD: Kvinna har blitt frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus.

Politiet melde først at ein valdsepisode skal ha skjedd før kvinna ramla utfor.

Vitne har søndag kveld blitt avhøyrt av politiet for å få klårleik i kva som har skjedd, og politiet stadfestar søndag kveld at det ikkje har skjedd noko straffbart ombord i skipet før kvinna fall over bord.

Costa Fortuna

FALL I FJORDEN: Kvinna fall frå dekket på det italienske cruiseskipet «Costa Fortuna» som no ligg til kai i Flåm.

Foto: Skjermdump frå webkamera / Aurland hamn

Politiet heldt igjen turistskipet

Ifølgje vår fotograf var det klokka åtte berre politiet som er att i Flåm. Dei tek avhøyr av folk inne i hamnebygget på kaia. Klokka 22:30 driv politiet framleis med avhøyr.

Cruiseskipet var på veg til å forlate hamna i Flåm då ulukka skjedde då avreisa vart innstilt inntil vidare. Like før midnatt melder politiet at skipet er frigjeve.

Politiet er ikkje kjent med om kvinna har familie om bord på båten.

– Men ho hadde ein person som ho budde på lugar med. Vedkomande får oppfølging av politiet, seier Hatlenes.

Brannsjefen berga kvinna på land

Ulukka skjedde då skipet låg til kai. Fallhøgda skal vere mellom 30 til 35 meter. Ifølgje politiet skal kvinna mest truleg ha landa rett i fjorden, utan å kome bort i noko på vegen.

Hamnesjef og brannsjef John Erik Johnsen

FØRST FRAMME: Brannsjef og hamnesjef John Erik Johnsen var først på staden og fekk kvinna på land.

Foto: Arne Veum / NRK

John Erik Johnsen, fungerande brannsjef i Aurland og hamnesjef i Flåm, var først på staden. Til Bergens Tidende seier han at kvinna låg i vatnet i to til tre minutt og var medvitslaus då dei fekk ho i land.

– No driv dei med livreddande førstehjelp til luftambulansen kjem til staden, seier Espen Rysjedal ved Alarmsentralen klokka 18:36.

Etter ulukka rydda brannmannskapet kaia for folk slik at luftambulansen kunne lande. To legar frå cruiseskipet tok hand om kvinna til luftambulanse kom på staden.

AMK opplyser klokka 19:14 at kvinna er kritisk skadd. Ambulansepersonell, ein kommunelege og luftambulansen har no teke over ansvaret for behandlinga av kvinna.

Klokka 19:30 melder AMK at kvinna har blitt frakta med luftambulansen til Haukeland sjukehus.

Kritisk skadd kvinne blir frakta vekk

FRAKTA VEKK: Kvinna vart berga opp av fjorden av ein brannmann frå Aurland. To legar frå cruiseskipet var dei første til å ta hand om den kritisk skadde kvinna, før AMK tok over.

Foto: Arne Veum / NRK

Veit ikkje korleis kvinna hamna i sjøen

Politiet fekk melding om ulukka klokka 18:00.

– Det er observert at det var ein valdsepisode i forkant mellom kvinna og ein annan person. Kva type valdsepisode det er snakk om har vi ikkje fått klarlagt, politiet er ikkje komen på staden enno. Korleis ho hamna i sjøen er førebels ukjent, sa Trond Hatlenes ved operasjonssentralen i Florø like etter meldinga kom.

Politiet kom litt over sju fram til Flåm. Dei veit enno ikkje kven den eventuelle gjerningspersonen er.

– Ingen er arresterte. Vi gjer no avhøyr på staden, seier Hatlenes.

Laster kart, vennligst vent...