Sidan 1989 har Stortinget sitt presidentskap invitert storting og regjering til fireårsfest på Akershus slott, som ei høgtideleg avslutning på stortingsperioden.
Feststemning til tross, for mange av dei folkevalde, blir kvelden truleg også ein smule vemodig.
Av dei 169 representantane som sit på tinget i dag, er det nemleg heile 57 som har varsla at dei ikkje tek attval ved stortingsvalet til hausten.
- (Sjå den fullstendige lista over alle desse 59 representantane nedst i saka)
Per-Kristian Foss (62) er den lengst sitjande stortingsrepresentanten som tek sin hatt og går når denne stortingssesjonen vert avslutta den 21. juni.
– Eg kjem til å sakna dei gode debattane, dei gode replikkane, og all omgangen med gode kollegaer, seier Foss til NRK på veg inn til slottsmiddagen.
Står parat for Erna
Visepresidenten har sete på Stortinget for Høgre i 32 år, sidan 1981. Til hausten ventar ein ny kvardag for åringen. Kva han skal fylla den med, veit han enda ikkje.
– For første gong på 30-35 år har eg ei heilt open avtalebok for heile hausten, seier Foss.
Kva vil du svara til ein eventuell statsrådpost dersom høgre vinn valet?
– Eg har med mobiltelefonen i lomma, men eg reknar med at Erna har mange yngre og dyktigare kandidatar enn meg. Det kan tenkast at dei treng seniorar som har vore med før, men Erna vil nok først og framst ha fornying, seier ein humørfylt Foss.
Stolte av mindre skatt og meir barnehage
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) er den lengst sitjande kvinnelege stortingsrepresentanten som i juni går ned Løvebakken for siste gong. Halvorsen (52) har ein ansiennitet på nærmare 24 år.
Det dei to avtroppande ringrevane er aller mest stolte av å ha vore med på å utretta, er høvesvis Barnehagereformen og skattereduksjon.
– 81.000 barnehageplassar har vorte til fordi me laga det forliket på stortinget for ti år sidan no i desse tider, seier SV-statsråd Halvorsen.'
– Eg er mest stolt av å ha seinka skatte- og avgiftsnivået i Noreg, slik at me ikkje lenger er heilt på topp i Europa, uttalar Foss.
Feirar seg sjølve med trøffelsjy og multer
I kveld får om lag 320 stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer med følgje servert både røkt kveite med ingefærkrem, krema kalvebrissel med trøffelsjy og multedessert akkompagnert av edle franske, italienske og ungarske dråpar.
Middagen blir skipa til under herskapelege omstende på Akershus slott i sentrum av Oslo.
Trass i at dei er politske motstandarar, har Halvorsen og Foss berre godt å seia om kvarandre.
– Eg kjem til å sakna den skarpe replikken, det gode humøret og eit venskap. Eg håpar faktisk at det kan fortsetja, seier Foss til ein lattermild respons frå den festkledde kunnskapsministeren.
Den skarpe tunga er også det Halvorsen trekk fram ved Foss.
– Eg kjem til å sakna replikkane til Foss. Når han er morosam og ironisk på same tid er han på sitt absolutt beste, seier ho.
57 folkevalde takkar av
I tillegg til statsminister Jens Stoltenberg (Ap) og stortingspresident Dag Terje Andersen skal Foss, som også er visepresident på tinget, tala under kveldens kalas.
Dette er dei 57 representantane som ikkje tek attval eller er renominerte ved stortingsvalet hausten 2013 (per 03.mai):
ARBEIDARPARTIET:
1. Gorm Kjernli, Akershus
2. Thomas Breen, Hedmark
3. Hilde Magnusson, Hordaland
4. Dag Ole Teigen, Hordaland
5. Tove Linnea Brandvik, Hordaland
6. Svein Gjelseth, Møre og Romsdal
7. Tor-Arne Strøm, Nordland
8. Lillian Hansen, Nordland
9. Torstein Rudihagen, Oppland
10. Håkon Haugli, Oslo
11. Karin Yrvin, Oslo
12. Tore Nordtun, Rogaland
13. Torfinn Opheim, Rogaland
14. Gunn Olsen, Telemark
15. Sigvald Oppebøen Hansen, Telemark
16. Bendiks H. Arnesen, Troms
17. Anne Marit Bjørnflaten, Troms
18. Gerd Janne Kristoffersen, Nord-Trøndelag
19. Susanne Bratli, Nord-Trøndelag
20. Gunn Karin Gjul, Sør-Trøndelag
21. Arne L. Haugen, Sør-Trøndelag
22. Thor Erik Forsberg, Østfold
23. Anne-Grete Strøm-Erichsen, Hordaland
FRAMSTEGSPARTIET:
1. Henning Skumsvoll, Vest-Agder
2. Morten Høglund, Akershus
3. Hans Frode Kielland Asmyhr, Akershus
4. Ulf Erik Knudsen, Buskerud
5. Per Roar Bredvold, Hedmark
6. Arne Sortevik, Hordaland
7. Karin S. Woldseth, Hordaland
8. Torgeir Trældal, Nordland
9. Ketil Solvik-Olsen, Rogaland
10. Øyvind Vaksdal, Rogaland
11. Åge Starheim, Sogn og Fjordane
12. Tord Lien, Sør-Trøndelag
13. Per Arne Olsen, Vestfold
14. Jon Jæger Gåsvatn, Østfold
15. Vigdis Giltun, Østfold
HØGRE:
1. Peter Skovholt Gitmark, Vest-Agder
2. Sonja Irene Sjøli, Akershus
3. André Oktay Dahl, Akershus
4. Henning Warloe, Hordaland
5. Ivar Kristiansen, Nordland
6. Per-Kristian Foss, Oslo
7. Lars Myraune, Nord-Trøndelag
SOSIALISTISK VENSTREPARTI :
1. Geir-Ketil Hansen, Nordland
2. Heidi Sørensen, Oslo
3. Akhtar Chaudhry, Oslo
4. Kristin Halvorsen, Oslo
KRISTELEG FOLKEPARTI:
1. Dagrun Eriksen, Vest-Agder
2. Laila Dåvøy, Hordaland
3. Dagfinn Høybråten, Rogaland
SENTERPARTIET:
1. Magnhild Meltveit Kleppa, Rogaland
2. Erling Sande, Sogn og Fjordane
3. Lars Peder Brekk, Nord-Trøndelag
4. Ola Borten Moe, Sør-Trøndelag
VENSTRE:
1. Borghild Tenden, Akershus