Hopp til innhold

Tidlegare forsvarsminister seier USA er utan ansvarleg leiarskap

Jim Mattis, som var president Donald Trumps tidlegare forsvarsminister, gir Trump skulda for uroa i landet.

Jim Mattis

MANGLANDE LEIARSKAP: James Mattis, som var forsvarsminister frå 2017 til 2019, gir president Donald Trump skulda for uroa i landet.

Foto: Richard Drew / AP / NTB Scanpix

– Donald Trump er den første presidenten i levetida mi som ikkje gjer noko for å sameine det amerikanske folket – han lèt ikkje ein gong som han prøver. I staden prøver han å splitte oss, seier Mattis til avisa The Atlantic.

Den tidlegare forsvarsministeren oppmodar det amerikanske folket til å «avvise og halde ansvarleg dei ansvarlege som gjer narr av grunnlova».

– Vi er vitne til konsekvensane av tre år utan ansvarleg leiarskap, seier Mattis.

Trakk seg etter Syria-strid

Mattis vart Trumps første og USAs 26. forsvarsminister 20. januar 2017. Han sat i eitt år og elleve månader.

Han var usamd med presidenten i fleire sentrale utanrikspolitiske saker, og trekte seg etter at Trump, mot Mattis sin vilje, kunngjorde ei amerikansk tilbaketrekking frå Syria.

Trump svarte på Twitter

Det gjekk ikkje lang tid før Trump slo tilbake mot kritikken. På Twitter kalla han Mattis for «verdas mest overvurderte general».

– Eg gav han eit nytt liv, nye ting å gjere og nye slag å vinne, men han oppnådde sjeldan suksess. Eg likte ikkje «leiarstilen hans» eller mykje anna ved han, og mange er samde. Glad han er borte! rasa Trump.

Laster Twitter-innhold

Carter kritisk

Tidlegare president Jimmy Carter går no ut mot president Donald Trump.

Jimmy Carter

Jimmy Carter, USAs eldste attlevande president, seier det er vondt å sjå uretten. Han legg ansvaret på president Trump.

Foto: John Amis / AP / NTB Scanpix

Carter, som er USAs eldste attlevande president, seier i ei fråsegn at det gjer vondt å sjå den «tragiske urettvisa og reaksjonen i landet dei siste vekene». Han seier at vald uansett ikkje er løysinga, og at ansvaret ligg hos den sittande leiinga.

– Vi treng ei regjering som er så god som folket sitt, og vi er betre enn dette, seier Carter.

SISTE NYTT

Siste nytt