Hopp til innhold

IS: Vi har avretta nordmann

Terrororganisasjonen IS seier dei har avretta nordmannen Ole Johan Grimsgaard-Ofstad (48), som har vore halden som gissel av organisasjonen sidan januar i år.

Ole Johan Grimsgaard-Ofstad

IS hevdar dei har avretta nordmannen Ole Johan Grimsgaard-Ofstad.

Foto: Privat

Pressetalsmann Rune Bjåstad i Utanriksdepartementet opplyser til NRK at dei jobbar på spreng med å få verifisert opplysningane, og at dei kjem med informasjon så snart dei har noko å melde.

Politiets tryggingsteneste, PST, vil førebels ikkje kommentere meldinga. Det er gjennom magasinet Dabiq at IS har publisert at nordmannen og ein kinesisk statsborgar er tekne av dage.

Justisminister Anders Anundsen

Justisminister Anders Anundsen (Frp) seier at situasjonen er krevjande.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Justisminister Anders Anundsen (Frp) vil førebels ikkje seie noko meir enn av situasjonen er krevjande, medan Statsministerens kontor stadfestar at dei kjenner til saka.

– Det er publisert bilete som tyder på at gisselen Ole Johan Grimsgaard-Ofstad er avretta. Arbeidet med verifisering er i gang. Vi kjem tilbake med ytterlegare informasjon, heiter det i ei fråsegn.

– Slått handa av

I IS-magasinet Dabiq står det blant anna at dei to har vorte avretta, etter at «vantru» land og organisasjonar hadde slått handa av dei. I artikkelen står det ingenting om kvar dei to vart bortførte av IS.

Ole Johan Grimsgaard-Ofstad, opphavleg frå Porsgrunn, men busett i Oslo, fortalde sjølv på sosiale medium i januar at han var komen til Idlib i Syria, etter å ha teke seg inn i Syria frå Tyrkia. Det er uklart kva mål han hadde for reisa.

«Jeg er i Idlib, Syria. Drar til Hama i morgon. Endeleg klarte jeg det», skreiv Grimsgaard-Ofstad på Facebook-profilen sin 24. januar. Det var truleg siste livsteiknet frå han.

Han skal tidlegare ha vore i søkjelyset til PST for ekstreme ytringar på nett, men han skal ikkje ha vore framandkrigar. Som student i Volda stod fram han som innvandringskritisk i eit intervju med lokalavisa.

Grimsgaard-Ofstad og kinesaren Fan Jinghu vart tekne til fange av IS i Syria i januar, men saka vart først offentleg kjent då IS publiserte bilete av dei i Dabiq i september, saman med eit krav om løysepengar.

Nei til løysepengar

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg (H) gjorde det klart i september at det var uaktuelt å betale løysepengar.

Foto: NRK

Statsminister Erna Solberg (H) stadfesta då at norske styresmakter fekk informasjon om bortføringa alt i januar, men at dei ut frå ei samla vurdering valde å halde dette hemmeleg. Ho sa også at IS hadde lagt fram krav om betydelege summar i løysepengar , men at Noreg ikkje ville gå med på det.

– Det er eit prinsipp vi ikkje kan vike frå. Utbetaling av løysepengar vil auke risikoen for at andre norske borgarar kan bli bortførte, sa statsministeren blant anna.

NRKs Midtausten-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen seier at IS har hatt eit todelt mål med å ta vestlege gislar. Først som ei kjelde til inntekter gjennom løysepengar, men det har også vore viktig reint propagandamessig.

– I starten under framrykkinga i Irak og Syria greidde IS å få ut løysepengar for ein del gislar, men seinare har det vist seg vanskeleg å få ut pengar. IS har sidan avretta fleire gislar, blant andre journalistar, seier han.

– Løsepenger må til for å redde nordmann

– Lever av smugling og bortføringer

– IS-gissel ble oppsøkt av PST

SISTE NYTT

Siste nytt