Hopp til innhold

Fleire skyte- og knivangrep i Israel under Biden-besøk

Fleire menneske er drepne og mange såra i ulike kniv- og skyteangrep i Israel. Dette skjer samstundes som USAs visepresident Joe Biden kom til landet.

Knivangrep i Tel Aviv.

Israelske politifolk på staden der fleire menneske vart angripne med kniv i bydelen Jaffa i Tel Aviv i ettermiddag.

Foto: THOMAS COEX / Afp

I knivangrepet i bydelen Jaffa i Tel Aviv i ettermiddag vart minst ein israelar drepen og ni andre såra, minst fem av dei alvorleg. Angriparen vart sjølv skoten og drepen av politiet. Samstundes, berre nokre hundre meter uanna, møtte Joe Biden Israels tidlegare president og statsminister Shimon Peres i Shimon Peres fredssenter.

Først knivstakk mannen tre personar i hamneområdet, før han gjekk laus på fleire andre inne på ein restaurant. Politiet opplyser at mannen knivstakk ti personar. Den drepne mannen var amerikansk turist.

Fjerde angrepet

Angrep i Jerusalem

Ein såra blir hjelpt om bord i ein ambulanse etter angrepet i Jerusalem i ettermiddag.

Foto: AHMAD GHARABLI / Afp

Dette var det fjerde angrepet i løpet av tysdag. Ein palestinsk mann opna eld mot israelske politifolk i gamlebyen i Jerusalem tidlegare på ettermiddagen. To av dei vart alvorleg såra av angriparen, før mannen vart skoten og drepen.

Politisjef Micky Rosenfeld seier at palestinaren som stod bak angrepet flykta frå staden, men at han vart innhenta av politiet. Han skaut mot politifolka, før han sjølv vart skoten og drepen, opplyser han.

Tidlegare på dagen prøvde ei palestinsk kvinne i 50-åra å knivstikke israelske politifolk i gamlebyen i Jerusalem, før ho vart skoten og drepen av politiet. Ingen israelarar vart skadde i dette angrepet.

Israel raser over iransk hjelp til palestinske etterlatte

Jødiske ekstremistar tiltalte i babydrapssak

Skyteangrep i Jerusalem.

Ein såra blir ført bort etter skytinga mot politifolk i gamlebyen i Jerusalem i ettermiddag.

Foto: AHMAD GHARABLI / Afp

Knivangrep i butikk

Før dette igjen knivstakk ein palestinsk mann ein israelar inne i ein butikk i byen Petah Tikvah. Angriparen vart skoten og drepen på staden. Det er uklart om knivofferet vart alvorleg såra.

Minst 28 israelarar og over 180 palestinarar er drepne i ei valdsbølgje i Israel og dei palestinske områda sidan oktober i fjor.

Visepresident Joe Biden skal møte Israels statsminister Benjamin Netanyahu og den palestinske presidenten Mahmoud Abbas onsdag.

Forsvarte seg med gitaren

Ein gatemusikar i Jaffa, Yishai, kom midt opp i angrepet i Tel Aviv-bydelen.

– Eg sat og spelte gitar og høyrde skrik frå andre sida av gata. Eg såg ein mann kome mot meg med kniv. Eg sprang mot han og slo han i hovudet med gitaren. Han vart så fortumla at han sprang vekk, sa Yishai til israelsk fjernsyn.

Shimon Peres sa i kveld at han informerte USAs visepresident Joe Biden om angrepet under møtet deira i fredssenteret til Peres i Jaffa.

– Eg fortalde visepresidenten om den forferdelege hendinga berre nokre hundre meter unna. Terror fører ikkje til noko, sa Peres til journalistar i kveld.

Joe Biden fordømde angrepet i Jaffa på det sterkaste og uttrykte sorg over at ein amerikansk borgar vart drepen

Iran inn i varmen - Israel ut i kulda?

SISTE NYTT

Siste nytt