Jødiske ekstremistar tiltalte i babydrapssak

Den israelske påtalemakta har tiltalt to israelarar for drap og medverknad til drap etter at ein baby og foreldra omkom i ein brann på Vestbreidda i fjor sommar. To andre er tiltalte for alvorlege terrorhandlingar.

Et palestinsk hjem ble brent ned og et 18 måneder gammelt barn døde natt til fredag

Tre menneske omkom, blant dei eit barn på 18 månader, omkom i den påsette brannen i Duma på Vestbreidda 31. juli i fjor.

Foto: ABED OMAR QUSINI / Reuters
Bent Tanstad
Journalist

Dei fire er tiltalte for å ha sett fyr på huset til familien i landsbyen Duma utanfor Nablus på Vestbreidda 31. juli i år. 18 månader gamle Ali Dawasbsheh miste livet saman med foreldra Riham og Saad. Ein fireåring i familien overlevde den dramatiske brannen.

Det var tidleg klart at brannen var påsett. Angriparane hadde måla ei davidstjerne på veggen, der det også var skrive «hemn». Angrepet skjedde om natta, medan familien låg og sov.

Intensiv etterforsking

Benjamin Netanyahu held ein tale i Jerusalem

Statsminister Benjamin Netanyahu har gjort det klart at brannstiftinga i Duma sist sommar var ei jødisk terrorhandling.

Foto: AMIR COHEN / Reuters

Statsminister Benjamin Netanyahu reagerte sterkt på hendinga og omtalte brannen som ein jødisk terroraksjon. Han gjorde det klart at Israel har nulltoleranse for slike handlingar.

Avgjerda om å ta ut tiltale kjem etter fleire månader med intensiv etterforsking mot det jødiske ekstremistmiljøet. Ein av dei to hovudtiltalte er mindreårig, det same gjeld ein av dei to som er tiltalt for alvorlege terrorhandlingar.

Seinare har det kome fram at ytterleggåande jødar feira angrepet mot familien i Duma under eit bryllaup. Brudgommen og fem gjestar blir etterforska for ha ulovlege våpen og for oppmoding til vald.

Våpen og brannbomber

Eit videoopptak frå bryllaupet viser at dei tiltalte viftar med våpen og brannbomber og stikk knivar i eit bilete av fireåringen som omkom i brannen. Statsminister Benjamin Netanyahu og regjeringa hans reagerte også sterkt på denne videoen.

Den hovudmistenkte er ein 21 år gammal mann frå Jerusalem. Han er formelt tiltalt for drap på rasistisk grunnlag. Ein 17-åring er tiltalt for medverknad til drap.

Tiltalane er leverte inn til tingretten i Lod i det sentrale Israel.

Forsvararane til dei tiltalte har skulda tryggingstenesta Shin Bet for å ha nytta tortur og seksuelle overgrep for å få dei mistenkte til å tilstå. Advokaten Itamar Ben-Dvir seier at dei har brukt metodar som ikkje er lovlege i demokratiske land. Shin Bet avviser skuldingane på det sterkaste.

Palestinsk frustrasjon

Palestinske styresmakter har heilt sidan mordbrannen i sommar kritisert israelske styresmakter for ikkje å ta saka på alvor. Det er også sagt at saka har vore med på å fyre opp under den palestinske frustrasjonen og sinnet mot den israelske okkupasjonen. Brannen har og blant anna vore med på å skape grobotn for dei mange palestinske angrepa mot israelarar dei siste månadene, blir det hevda.

Blir det en tredje intifada?

Hamas vil hevne mordbrann

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt