Hopp til innhold

Dette er kvinna IS fryktar

Den kvinnelege kurdiske kommandanten Rojda Felat leier ei gruppe på 15.000 soldatar, som deltek i ein offensiv mot terrororganisasjonen IS i Raqqa-området i Syria.

Den kurdiske kommandanten Rojda Felat.

Den kurdiske kommandanten Rojda Felat leier ei gruppe på 15.000 soldatar i kampen mot IS.

Foto: Join US@Hevallo

Soldatane kjem frå ein kurdisk-syrisk alliansen som har fått namnet Syrian Democratic Forces (SDF), som består av den kurdiske gruppa YPG og arabiske og assyriske opprørsgrupper.

Rojda Felat lovar på Twitter å jage IS frå området nord for Raqqa, og at dei vil sikre byar dei alt har jaga IS ut av. Ho nemner ikkje Raqqa by i meldinga, byen der IS har det syriske hovudkvarteret sitt.

Fryktar kvinner

To kurdiske kvinner som kjemper for YPG mot IS

To kvinnelege kurdiske soldatar som deltek i krigen mot IS i Raqqa-området.

Foto: RODI SAID / Reuters

Offensiven starta sist veke , og målet er i første omgang å ta omlandet nord for Raqqa by.

Folk som kjenner forholda i IS seier at organisasjonen nærer stor frykt for den kvinnelege kurdiske kommandanten. Ein ting er at ho er kjend for å vere ein dyktig strateg, men mest fryktar dei henne fordi ho er kvinne.

Ein IS-venleg nettstad la i dag ut ei melding om at SDF hadde starta ein offensiv mot IS i Raqqa-området. På biletet til saka var Rojda Felat sladda.

IS-krigarane trur ifølgje fleire kjelder at dei hamnar i paradiset om dei blir drepne i kamp, men dette gjeld ikkje om dei blir drepne av kvinner. Då kan dei ikkje bli klassifiserte som martyrar, og dermed blir det heller ikkje noko paradis.

Inspirert av Napoleon

Kurdiske Rojda Felat har kjempa mot IS i Syria dei siste tre åra. Ho er i 30-åra, og i følgje den britiske avisa independent har ho karakterisert seg sjølv som feminist som vil hjelpe kurdiske og syriske kvinner til å fri seg frå tradisjonane som held dei nede.

Det blir sagt at ho som militær leiar er sterkt inspirert av Bismarck, Napoleon og Saladdin. Ho har gjort det klart at det endelege målet hennar er å drive IS ut av heile Syria, og å få slutt på terrorisme og tyranni.

SPD-stilling nord for Raqqa.

Kurdiske soldatar vaktar ei stilling nord for IS-bastionen Raqqa i Syria.

Foto: RODI SAID / Reuters

Det er uklart kor mange kvinner SDF har under våpen.

Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) opplyser i dag at den vestlege koalisjonen, der blant andre USA er med, i dag gjennomførte fleire titals bombeangrep i området nord for Raqqa by.

IS under press både i Irak og Syria

Tyrkia vil samarbeide med USA i Syria

Laster Twitter-innhold

Russland vil hjelpe

Samstundes seier Russlands utanriksminister Sergej Lavrov at Russland er klar til å samarbeide både med USA og Syrian Democratic Forces i offensiven mot Raqqa. Det er rekna med at SDF har 25.000 kurdarar under våpen og 5000 arabarar.

Med luftstøtte frå USA og andre land i koalisjonen har dei greidd å jage IS ut av fleire byar i provinsane Aleppo, Raqqa og Hasakeh den siste tida.

Unge arabere flest avviser IS og tror de vil mislykkes med «kalifatet»

SISTE NYTT

Siste nytt