Hopp til innhold

Allianse varslar offensiv mot IS i Raqqa

Den kurdisk-arabiske opprørsalliansen SDF varslar ein offensiv mot IS i Raqqa-regionen i Syria. IS har det syriske hovudkvarteret sitt i byen Raqqa.

Syria eksplosjon Tartus

IS gjennomførte måndag fleire koordinerte sjølvmordsangrep mot regjeringskontrollerte område i Syria. Her frå kystbyen Tartus.

Foto: SANA / Reuters

Det er området nord for Raqqa by SDF, Syrian Democratic Forces, seier dei vil prøve å erobre. Den kurdiske militære leiaren Rojda Felat seier at offensiven dei no set i gang vil få luftstøtte frå den USA-leidde koalisjonen som kjempar mot IS i Ira og Syria.

SDF er ein allianse som består av fleire væpna kurdiske grupper og arabiske syrarar som har kjempa mot IS i det nordlege Syria. Dei vil først og fremst prøve å frigjere områda nord for Raqqa by.

– Amerikansk støtte

Sjølvmordsangrep i Tartus.

Ein utbrent minibuss står att etter det dødelege sjølvmordsangrepet mot kystbyen Tartus måndag.

Foto: Uncredited / Ap

Ein avtale om å starte offensiven vart gjort i samtalar mellom SDF og ein amerikansk militærtopp som uventa kom til Syria laurdag, melder nyheitsbyrået AP.

Ei gruppe som kallar seg «Raqqa is Being Slaughtered Silently» (Raqqa blir slakta i det stille) opplyser til nyheitsbyrået AP at det i dag har vore fleire kraftige luftangrep mot IS-stillingar nord for Raqqa, og at det er harde kampar rundt landsbyen Heisha.

Meldinga om offensiven kjem dagen etter at sjølvmordsbombarar frå IS tok livet av over 160 menneske i angrep mot sjukehus og andre sivile mål langs den syriske middelhavskysten. Observatørar meiner dei koordinerte angrepa mot dei regjeringskontrollerte kystbyane Tartus og Jableh manglar sidestykke i den delen av landet.

Angrepa viser at IS er i stand til å gjennomføre angrep djupt inne i dei delane i landet der president Bashar al-Assad og hans styrkar har kontroll.

Frykter forverring av situasjonen i Syria

Syriske Bashar (13) jobber syv dager i uka

Angrep mot russisk base

Det kjem også meldingar om at satellittbilete viser omfattande øydeleggingar etter eit IS-angrep på ein viktig flybase Russland nyttar i Syria, Tiyas eller T4-basen. Det amerikanske etterretningsselskapet Stratfor seier at fire helikopter og 20 lastebilar vart øydelagde i angrepet.

Flybasen ligg strategisk til mellom Palmyra og Homs, som begge no er under kontroll av regjeringsstyrkane.

Sjølvmordsangrep i Jableh i Syria.

Sjølvmordsangrepet mot byen Jableh måndag ramma ein busstasjon der mange menneske var samla.

Foto: OMAR SANADIKI / Reuters
MIDEAST-CRISIS-SYRIA/LATAKIA

Eit sjukehus vart ramma av eit IS-sjølvmordsangrep i Jableh i Syria måndag. Ein teddybjørn ligg att i ruinane.

Foto: OMAR SANADIKI / Reuters

Samstundes oppmodar den russiske hæren til ei 72 timar lang våpenkvile mellom den syriske regjeringshæren og opposisjonen i to krigsherja forstader til Damaskus. Generalløytnant Sergej Kuralenki tek opp att kravet om at såkalla moderate opprørsgrupper trekkjer seg ut av område som blir kontrollerte av Nusrafronten, og at dei bryt samarbeidet med jihadistane.

Truar med å bryte våpenkvile

USA oppmodar på si side dei syriske opprørsgruppene til å respektere den landsomfattande, men skjøre, våpenkvila i landet. Søndag stilte 29 opprørsgrupper seg bak eit krav om at USA og Russland stansar regjeringsstyrkane sin offensiv i Damaskus-regionen.

Om dette kravet ikkje var fylgt etter 48 timar, vil gruppene ikkje lenger respektere våpenkvila.

USA og Russland forhandla fram våpenkvila, som starta 27. februar. Våpenkvila omfattar dei fleste av opprørsgruppene, men ikkje IS og Nusra.

SISTE NYTT

Siste nytt