Hopp til innhold

Vil finne tjuvar ved hjelp av Facebook

Fleire firma i Verdal er plaga med tjuveri om nettene, og har no lagt ut overvakingsbilde på sosiale medium for å finne ut kven som står bak.

Skjermdump Mikael Wik

Dette er eitt av bilda som er lagt ut på Facebook. Personane er ikkje lette å kjenne att, men vil truleg kjenne att seg sjølv. (Skjermdump)

Foto: Privat

Måndag la byggmeister- og betongentreprenørfirmaet Mikael Wik ut tre bilde på facebooksida si.

Her ser vi to hettekledte personar som går rundt på lagerområdet til firmaet. Det som ligg på industriområdet på Verdalsøra.

Bilda er tatt dei sista nettene.

– Vi er så irriterte

– Det satt langt inne å gjere det, men vi er så irriterte. Det har skjedd fleire gonger før, seier dagleg leiar Mikael Wik.

– Vi diskuterte det lenge i dag før vi la ut dei tre bilda. Vi valde å ikkje legge ut sjølve filmen, da det kanskje ville vere altfor tydeleg kven tjuvane er, seier han.

Overvakingskameraet står i bakgarden til firmaet, det er herifrå ting forsvinn.

Denne gongen var det dekkestøtter, som blir brukt til forskaling og støyping av betongdekke, som skal ha blitt tatt.

– Vi bruker kamera fordi vi vil kartlegge kva som skjer og når det skjer, seier Mikael Wik.

– Vi vil sjølvsagt også finne ut kven som har gjort det, seier han og poengterer at dersom det viser seg at det heile er ei misforståing, eller at dei som har tatt tinga, vil gjere opp for seg, vil han fjerne bilda frå nettet.

Oppklarte dieseltjuveri

I helga la Vuku Bilsenter, også dei i Verdal, ut ein video på Facebook. Dei hadde da over tid opplevd tjuveri av drivstoff frå dieselpumpene.

Men no er tjuveriet oppklart.

Dagleg leiar ved bilsenteret vil ikkje kommentere saka, men på Facebook skriv bilsenteret at dei takkar publikum for tips som førte til at tjuveriet i helga vart oppklart.

Videoen er no fjerna.

Bilsenter
Foto: Skjermdump fra Facebook

Kan ikkje publisere utan vidare

Informasjonsdirektør Ove Skåra i Datatilsynet

Ove Skåra, informasjonsdirektør i Datatilsynet.

Foto: Hans Fredrik Asbjoernsen

Men sjølv om dette kan vere ei enkel løysing for dei som slit med stadige tjuveri, er det ikkje heilt uproblematisk å legge ut bilde og video på nett.

For det første må ei ha lov til å ha kameraovervaking.

Dette er det låg terskel for, ein kan til dømes overvake sitt eige hus eller bakgard dersom ein set opp skilt om det.

Men dersom ein får noko på opptak som ein meiner er ulovleg, kan ein ikkje publisere det eller gi det vidare.

– Ein kan sjå gjennom det, og så må ein gå til politiet så dei kan bestemme korleis dei skal etterforske saka. Ein kan ikkje publisere sjølv. Då bryt ein personvernlovgivinga, og kan få bot på opp mot 25.000 kroner, seier Ove Skåra, informasjonsdirektør i Datatilsynet.

– Truleg ikkje brot på personvernlovgivinga

Personane på bilda som Mikael Wik har lagt ut, er vanskelege å kjenne att. Det ser ut til at dei har hetter ned i ansiktet, og bilda som er lagt ut, er ikkje dei som best viser korleis dei ser ut. Wik valde å ikkje bruke videoen, nettopp av den grunnen.

– Det viser at han har vurdert situasjonen, meiner Skåra.

– Dessutan er det formildande at dei ser ut til å vere maskert. Det viser at dette truleg ikkje er ein situasjon som kan vere misforstått, at dei berre kom innom for å hente noko dei har gløymt tidlegare på dagen, seier han.

– Utan å sakshandsame dette, kan eg seie at det er klokt å ikkje legge ut bilde kor ein kan kjenne att personane. Dette er truleg ikkje brot på personvernlovgivinga.

Kjetil Ravlo, etterforskningsleiar hos politiet i Nord-Trøndelag, meiner at ein alltid må tenke seg godt om før ein legg ut noko som helst på nett.

– Eg kan forstå at det er lett å bli frista til å be om info og tips på dette viset, men det beste er å ha ein dialog med politiet før ein legg ut, seier han.

– I verste fall kan ein video lagt ut på Facebook føre til at nokon blir feilaktig identifisert, seier Ravlo.