Hopp til innhold

Mobbeofre mjølkar mindre

Kyr som blir mobba av andre kyr, produserer mindre mjølk enn dei som har det bra.

Kyr, illustrasjonsfoto

Kyr med mulegheit for pusterom frå mobbarane produserer meir mjølk enn dei som ikkje kjem seg unna.

Foto: Kielwasser / PHOTOPQR/L'ALSACE

Det viser ny forsking frå Høgskolen i Nord-Trøndelag, universitet for miljø og biovitenskap og Noregs Veterinærhøgskole.

Dei jobbar for å kome med gode tips ti bønder som ønskjer seg produktive kyr. Forskinga viser mellom anna at godt dyrehald er viktig for produksjonen.

– Det kan mellom anna sjå ut som at kyr som blir plaga av andre kyr, produserer minder mjøk enn andre kyr, seier høgskulelektor Geir Næss ved Høgskolen i Nord-Trøndelag til skulen sine heimesider .

Treng pusterom

Forskinga viser også at kyr, som står i fjøs der dei har mulegheit til komme seg unna mobbarane, har betre mjølkeprodusksjon.

– Kyr kan vere ganske slemme med kvarandre. Våre tal viser at kyr frå mjølkefjøs der det er berre ein såkalla blindgang eller der det finst rundgangar for kyrne, mjølker godt over ein liter meir i døgeret enn kyr frå fjøs med fleire blindgangar, seier Næss.

Madrass til alle

I undersøkinga er det også komme fram at bønder som gir kyrne sine grovfôr, får kyr med god mjølkeproduksjon.

Det er også viktig at kyrne ligg godt.

– Kyr som ligg på mjuke madrasser, prodserer ein liter meir mjølk enn kyr som ligg på kompakte gummimatter og nesten 2,5 liter meir enn dei som ligg rett på betongen, seier Næss.