Hopp til innhold

Måtte hinke ut frå brennande blokk

Solveig Vikhagen måtte hinke ned trappa på krykker under evakueringa av den brennande blokka.

Solveig Vikhagen måtte hinke ned trappa på krykker under evakueringa av den brennande blokka.

Solveig Vikhagen og Ann Helen Karlsen ser rett over på den brannskadde blokka frå hotellet.

– Det var ei veldig stressande oppleving. Vi vakna av at brannalarmen ringde, og oppfatta ikkje kva som skjedde før det begynte å ule i heile bygget, fortel Solveig Vikhagen.

– Skremmande

Den unge jenta måtte hinke ned frå 5. etasje på krykker. Berre to etasjer over sto flammane opp frå taket.

– Det gjekk greitt å komme seg ut, men det var veldig skremmande å sjå røyken og flammane som sto opp frå taket. Det var først når eg kom ut at eg merka røyklukta, seier Vikhagen.

Då brannvesenet kom vart ho og dei andre bebuarane sendt bak bygget. Alle dei rundt 70 personane som budde i blokka kom uskadd frå brannen, truleg på grunn av svært god branntryggleik i bygget.

Roleg evakuering

I 6. etasje vakna også Ann Helen Karlsen av at brannalarmen ulte. Ho trudde først det var falsk alarm.

– Det er jo som regel det, så vi kledde på oss og gjekk roleg ut. Det var ingen som sprang eller stressa. Ingen fekk panikk, seier Karlsen.

Trøtte og slitne har dei evakuerte bebuarane fått plass på hotellet Royal Garden, like over elva frå blokka. Dei har fått rom, frokost og informasjon frå kommunens kriseteam.

– Dei har blant anna fått vite at det er deira eiga forsikring som skal sørge for å dekke mellombels bustad og skader på innbo, fortel eigaren av bygget, Rigmor Frost.