Hopp til innhold

Hoppkongane som slutta på topp

Dei var blant verdas beste hopparar i kvar sin tidsepoke, og begge ga seg mens dei var på topp. Anders Bardal og Torgeir Brandtzæg er hoppkongane frå Steinkjer.

Anders Bardal og Torgeir Brandtzæg

Anders Bardal og Torgeir Brandtzæg, begge frå Steinkjer, har hevda seg i verdstoppen i hopping - i kvar sin generasjon.

Foto: Camilla Bilstad / NRK

I år la Anders Bardal hoppskiene på hylla, etter å ha vunne både verdscup og verdsmeisterskap dei siste åra. Det var eit frivillig val.

– Årsaken er ein kombinasjon av fleire ting, til dømes mangel på motivasjon og lyst til å ha meir tid heime, seier Bardal.

– Var kanskje det beste

Skihopperen Torgeir Brandtzæg på sykehuset med brukket høyrefot i 1965.

Torgeir Brandtzæg med gips på høgrefoten i 1965.

Foto: Aage Storløkken / Scanpix

Også karrieren til Torgeir Brandtzæg, ein annan hoppkonge frå Steinkjer, tok slutt mens han var på topp, i 1965. Men det var ikkje frivillig. Han skada seg stygt i Pitkävouri i Finland på seinvinteren 1965, etter å ha vunne den tysk-østerrikske hoppveka 64-65.

Femti år seinare sørger ikkje Brandtzæg over det.

– Det var på sett og vis greitt, for det var ein enkel måte å slutte med skihopping på. Om eg ikkje hadde blitt skadd, ville eg truleg ha halde på litt lenger. At eg slutta, var kanskje det beste for familien, seier han no.

Fredag kveld var både Torgeir Brandtzæg og Anders Bardal til stades då Ogndal Idrettslag og Ogndal Historielag markerte at det er femti år sidan Brandtzæg vann den tysk-østerrikske hoppveka samanlagt.

Hoppveka er bortimot det einaste Bardal ikkje har på merittlista si.

– Eg skulle gjerne hatt ei topplassering der, sjølv om eg har fleire topp 5-plasseringar, seier han.

– Leik viktig for å nå opp

Torgeir Brandtzæg og David Hicks

Torgeir Brandtzæg og David Hicks, Garmisch 1965.

Foto: Scanpix / NTB scanpix
Anders Bardal

Anders Bardal, verdsmeiser frå Val di Fiemme 2013.

Foto: Mette Moslet Kjesbu / NRK

Dei to hopparane, som no er 73 og 32 år gamle, kan begge sjå tilbake på innhaldsrike karrierer, om enn i kvar sin generasjon.

Men når det gjeld kva som skal til for å bli ein topphoppar, peikar dei begge på ein ting: Leiken.

– Ein må ha leika seg mykje på ski for å nå opp som skihoppar, meiner Bardal, og får støtte frå Brandtzæg.

– Vi leika på ski frå tidleg morgon til seint på kveld, det var skibakkar over alt. Vi tok salto både framlengs og baklengs, og hadde mykje moro. Det la eit godt grunnlag, seier hopparen som på slutten av femtitalet vart kjent som «det dristige stortalentet» eller «friskusen frå Ogndal». Det var hoppstilen som gjorde han til ein yndling i bakken.

– Eg hadde skiene i alle retningar i starten, og hoppa vel med V-stil etter kvart. Men så fekk eg beskjed om at eg måtte skaffe meg ei meir ryddig skiføring. Det vart kortare, men meir stilreine hopp, humrar Brandtzæg.

Norsk dokumentarserie. 
Om høydepunkter i norsk skisport og de viktige forandringene i vår skihistorie.Torgeir Brandtzæg og Toralf Engan trakk 100 000 tilskuere til Holmenkollen på sekstitallet. De vant både hoppuka, Kollen, OL-medaljer og VM. Fra 1965 trente Toralf Engan hopplandslaget med en av Norges beste hoppere, Bjørn Wirkola. (6:10)