Av
Trønderlåna på Logstein på Frosta er den lengste låna som er skildra i ei ny bok om det lange, midtnorske våningshuset. No jaktar forfattarane av boka på låner som er endå lengre.
- Vi oppfordrar folk til å måle trønderlåna si, og sjå om den kan slå rekorden vi har funne på 42 meter, seier Eir Grytli, som er ein av forfattarane av boka, til NRK Trøndelag.
Spesielt hus
Det lange, trønderske våningshuset er lett å få auge på langs vegane i Midt-Noreg. Dei gir kulturlandskapet eigenart og dei som bur der ein felles identitet.
Trønderlåna er ei bygning i to etasjar. Dei har ein enkel fasade med to og to vindauger ved sida av kvarandre og rett over kvarandre.
- I arkitektonisk samanheng er trønderlåna inspirert av bykultur. I grunnen eit hus for litt stormannsgale, seier Grytli.
Saman med forfattar Dag Nilsen, blei ho utfordra frå eit forlag om å lage boka om trønderlåna.
- Tidlegare er det gitt ut fleire praktbøker om store gardsanlegg i Noreg. Under dette arbeidet har det komme fram at det er ein del flotte anlegg i Trøndelag og dette er bygningar ein ikkje finn andre stader i landet, seier Grytli.
Reiste rundt på besøk
Arbeidet med boka starta då dei to forfattarane tok med seg fotograf Kolbein Dahle og reiste rundt og banka på dører i Trøndelag.
På sine turar besøkte dei trønderlåner frå Lesja i sør til Troms i nord og Romsdal vest.
Alle stadane blei dei veldig godt mottatte og forfattarane veit nesten ikkje korleis dei skal takke huseigarane.
- Sjølv om vi kom utan å ha meldt i frå, blei vi bedt inn på kaffi. Vi trong heller ikkje fortelje folk at dei sat på ein viktig bygningsarv, det var dei fullt klar over, seier Grytli.