Hopp til innhold

Ein av to har fått nakenbilete på Snapchat

Ein av to ungdommar som vart spurt i ei undersøking har fått tilsendt nakenbilete via Snapchat. Ein tredjedel hadde sendt nakenbilete av seg sjølv til andre.

 Ina Hoel og Lone Rendum

Ina Hoel og Lone Rendum (f.v.) har opplevd å få tilsendt nakenbilete bilete på snapchat.

Foto: Anniken Sande / NRK

Snapchat

Mobilapplikasjonen Snapchat har 100 millionar brukarar i månaden.

Berit Skog

Berit Skog er førsteamanuensis i sosiologi ved NTNU.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Det er påskeferie og Ina Hoel og Lone Rendum har teke turen til Trondheim sentrum. Dei har begge opplevd å få tilsendt intime bilete på Snapchat.

– Eg har fått tilsendt bilete av folk eg ikkje veit kven er og kjenner. Men dei sender det likevel, fortel Ina Hoel.

Snapchat vart lansert i 2011, og er i dag verdsettt til 122 milliardar kroner. Mobilapplikasjonen har over 100 millionar brukarar i månaden. Applikasjonen gjer det mogleg å ta og sende bilete og videoar. I tillegg kan du dele historier og legge til tekst på bileta og videoane.

– Det er mykje tull på Snapchat, men eg brukar det kvar dag, seier Hoel.

Ho sender mange snappar med venner.

– Eg sender mellom 20 og 50 snappar kvar dag.

Dei fleste brukar Snapchat til å sende bilete av kvardagslege hendingar.

– Eg sender for det meste tullebilete av mat og venner, seier Lone Rendum.

50 prosent

Men tenesta blir også nytta til å sende intime bilete av seg sjølv, viser ei ny undersøking frå NTNU, Noregs Teknisk-Naturvitenskaplige Universitet. Berit Skog er førsteamanuensis i sosiologi ved NTNU. Ho har arbeidd mykje med sosiale medium og gjorde ei undersøking hausten 2014 blant ungdom og unge vaksne, frå alderen 13 år og oppover.

– 50 prosent av dei spurde hadde fått tilsendt intime bilete og rundt 30 prosent hadde sendt bilete av intim karakter. Undersøkinga viser at det litt fleire gutar som har både teke imot og sendt bilete av intim karakter. Med intime bilete meiner eg bilete av nakne kroppar og kroppsnære bilete, fortel Skog.

Snapchat

Tal i prosent av personar som har sendt eller fått tilsendt intime bilete via Snapchat, ifølgje undersøkinga.

Foto: NTNU
Snapchat

Fleire gutar enn jenter har sendt og fått intime bilete via Snapchat.

Foto: NTNU

Trendar blant ungdom

Spørjeundersøkinga gjennomførte Skog via eit webskjema på Forskingsdagane hausten 2014. 904 personar svarte på spørsmål om deira bruk av sosiale medium, som Facebook, Instagram og Snapchat. 90 prosent av desse brukte Snapchat.

– Det er eit ikkje-representativt utval, men me har fanga opp kva trendar som fins blant ungdom her i landet. Det stemmer overeins med det me elles ser, seier ho.

Dei aller yngste som svarte på spørjeundersøkinga svarte også at dei har opplevd å tilsendt nakenbilete via Snapchat. Heile 30 prosent av dei som svarte under 15 år hadde fått tilsendt intimt innhald via Snapchat.

Snapchat

Aldersgruppene som brukar Snapchat i undersøkinga.

Foto: NTNU

Men grimasar og tullebilete toppar lista over kva snappar som blir sendt. 80 prosent av dei spurte har sendt slike bilete. Deretter følgjer korte beskjedar og situasjonsbilete med tekst.

Lettare å dele intime bilete

Applikasjonen gjer det lettare å dele nakenbilete samanlikna med andre tenester som Facebook og Instagram, seier Skog.

– Nakenbilete på Snapchat går direkte til ein person, medan bilete på Facebook og Instagram går til vener og følgjarar. Dessutan reknar ein med at bilete på Snapchat forsvinn. Mottakarane kan ikkje sjå dei i meir enn til dømes 10 sekundar, seier Skog.

Men mange tenkjer ikkje på at mottakarane kan ta såkalla screenshots.

– Det går an å lagre bileta ved å ta eit screenshot.Dermed kan bileta spreiast langt utover det som var intensjonen til å byrje med, seier Skog.

Undersøkinga viser at 27 prosent av brukarane på Snapchat har sendt intime bilete, medan berre 2 prosent av brukarane på Instagram deler intime bilete på denne nettstaden. Tilsvarande er det 3 prosent av brukarane på Facebook som deler nakenbilete, ifølgje undersøkinga.

Snapchat

Grimasar og tullebilete toppar lista over bilete som blir sendt, viser undersøkinga frå NTNU.

Foto: NTNU

Høge tal

Ina Hoel og Lone Rendum tykkjer tala i undersøkinga er høge.

– Det er sykt høgt. Eg skjønnar ikkje at folk sender slike bilete i det heile. Særskilt når dei veit at det kan kome ut til veldig mange, seier Lone Rendum.

Politiet i Trondheim får vite om og meldt inn historier der nakenbilete har vorte spreidd utan at avsendaren har vore klar over det. Rune Olsen i førebyggjandegruppa hos politiet i Trondheim trur mange unge ikkje tenkjer over konsekvensane av å sende nakenbilete.

– Dei har eit behov for å bli sett ein del av dei ungdommane me har erfaring med, og då tenkjer dei ikkje over konsekvensane av det dei sender. Den største utfordringa her er at foreldra må på bana, fordi mange ikkje følgjer med. Verdas største leikeplass er nettet, seier Olsen.

Ikkje overraskande

– Det forundrar meg ikkje, seier sexolog og spesialist i klinisk psykologi, Thore Langfeldt.

Han er samd med politiet at nettet har vorte ein leikeplass for barn og unge.

– Og då gjer ein mykje ein ikkje tenkjer over. Det er sånn at ungdommar likar å vise fram kroppen og generelt er opptekne av seksualitet, så det forundrar meg ikkje at så mange sender og får nakenbilete tilsendt, held han fram.

Han er ikkje særskilt uroa over trenden med nakenbilete, men seier ungdommar må lære seg spelereglane.

Normalt å vise seg fram

– Dei må tenke over om dei kan legge ut bileta. Kan eg ta sjansen på det, eller må eg la det vere. Dei må lære seg å vere meir forsiktige, seier Langfeldt.

Han trur ikkje trenden med å sende nakenbilete kan verke negativt for seksualiteten til dei ungdommane som gjer det.

– Det trur eg ikkje. Ungdommar har vist seg fram i alle tider og det er heilt naturleg, men ungdommane må lære seg spelereglane, slik at dei ikkje drit seg ut, seier han.

Meir ivrige enn svenskar og danskar

Langfeldt tykkjer det er interessant at norske ungdommar ser ut til å vere meir ivrige enn svensk og dansk ungdom.

– Det kan skuldast at det å vere naken er ein viktigare måte eksponere seg på i Noreg, fordi me har hatt meir sensur opp gjennom historia, seier Langfeldt.

Han trur ikkje det er ein samanheng mellom å legge ut bilete på sosiale medium og frykta blant ungdommar for å dusje nakne etter gymtimen.

– Det trur eg gjeld ei anna gruppe, dei sjenerte. Det er elevar heilt nede i barneskulealder som ikkje vil dusje etter gymtimen. Det er ofte nokon som byrjar og dette fører til at andre ikkje vil kle av seg. Det er synd at det skal vere slik.