Hopp til innhold

Frå hausten kan du sjekke pasientjournalen din på nett

Pasientar i Nord-Norge skal få tilgang til elektroniske pasientjournalar på internett frå 1. oktober.

Elektronisk pasientjournal

Marianne Hofstra sjekkar sin elektroniske pasientjournal frå kontoret på Meteorologisk institutt i Tromsø.

Foto: Ørjan Hansen / NRK

– Eg er svært nøgd! Her er det ei dør inn til mine data og eg kan sjå journalen min, og eg kan sjå kva som har vore mi historie med sjukehusbehandlingar.

Det seier Marianne Hofstra, som er ein av 500 testbrukarar i prosjektet «Elektronisk tilgang til pasientjournal». 500 pasientar på Universitetssjukehuset i Nord-Norge er no dei første i landet som testar den første versjonen av elektronisk tilgang til pasientjournalen sin.

Dermed kan Hofstra logge inn på ei nettside kor ho får full oversikt over sin sjukehusjournal, med notat frå lege og epikriser, i tillegg til å sjå innkallingar og framtidige legetimar.

– For dei som er mykje inne på sjukehuset og som har mange behandlingar, så trur eg dette er eit kjempeverktøy å bruke, seier Hofstra.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Skjermdump, Elektronisk tilgang til pasientjournal

Skjermdump, Elektronisk tilgang til pasientjournal.

Foto: Skjermdump

All informasjon på ein plattform

Ved hjelp av innlogging på same måte som om du skulle ha logga inn hos Altinn, bruker testpersonane personnummeret sitt og vanleg bank-ID for å logge inn hos Helsenorge.

Helsenorge.no skal etter kvart byggjast opp til å bli ein felles pasientportal for den offentlege helsetenesta i Noreg, og det skal vere mogleg å få all elektronisk pasientinformasjon og alle pasienttenester på same stad.

Så mange private opplysingar samla på ein stad kan virke skremmande, men Hofstra er sikker på at det er trygt å bruke:

– Ein bruker jo same innlogging som på Altinn, og det skulle ein jo tru var trygt. For min generasjon er det kanskje ikkje alle som er like trygge på å bruke internett, men for den kommande generasjon så er det veldig bra. All informasjonen ligg der, på ein plattform.

Dokumenta kjem kjappare

Prosjektet er eid av Helse Nord, og UNN samarbeider med Helsedirektoratet og Helse Noreg for å utføre prosjektet. I tillegg er DIPS ASA og Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin med på prosjektet.

I løpet av hausten skal tenesta bli tilgjengeleg for alle pasientar ved Helse Nord sine foretak. Tenesta har vore etterlengta, seier prosjektleiar Tove Sørensen:

Tove Sørensen ved UNN
Foto: Ørjan Hansen / NRK

– Erfaringane så langt er at pasientane er stort sett nøgd. Dei har etterspurt ei slik teneste lenge. Dei har opplevd at ein kan bruke digitale tenester på alle område, men ikkje innanfor helsesektoren.

Innsynsrett i eigne dokument har pasientane hatt sidan 2001.

– Den viktigaste endringa er at du får dokumenta dine kjappare. Du får dei med ein gong journaldokumentet er signert, seier Sørensen.

Er dette eit trygt system?

– Vi jobbar mest med tryggleik og at det skal vere forsvarleg. Vi ville aldri ha tilbydd dette systemet om vi ikkje trudde det var trygt.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark