Hopp til innhold

– Mange lurte på om det er trygt å bu her

Livet går sin vante gang i Nordreisa etter raset natt til søndag. Men det er framleis mykje arbeid som står att og folk i bygda må nok framleis vente litt før alt er slik det var før raset.

Ras Sørkjosen
Foto: Øyvind Skeie Hellum, Statens vegvesen

– Eg trur dei fleste har gått tilbake til normalen etter at vegen opna. Dei fleste er nok glade for at vegen blei opna igjen så fort, seier fungerande rådmann i Nordreisa, Kristin Andersen.

Kva har det å seie for folk at vegen no er opna?

– Det gjer ting mykje enklare, både når det gjeld tenester og befolkninga.

Hotellet hadde ikkje fått forsyningar sidan før helga, men no skal det meste vere på plass.

– Ja, no kjem avisene og alt, så no går livet sin vante gang.

  • Sjå også:

Vil sikre fiskerihamna

Sjølv om mykje nærmar seg normalen, er det framleis mykje vegarbeid som står att.

– No held Statens vegvesen, kommune og mange andre på med vegarbeid i etterkant av raset, seier Andersen.

I dag har det vore eit møte med Nordreisa kommune, Statens vegvesen og NVE kor den vidare framdrifta vart diskutert. Der sto spesielt gjenoppbygging og det vidare arbeidet på sakslista.

– Bustad- og industriområda blei heilt friskmelde med omsyn til ras. Det skal setjast ned ei koordineringsgruppe for gjenoppbygging etter ras, kor vi er fleire som samarbeider – kommunen, Vegvesenet, NVE og Kystverket.

Kva vil de jobbe med i denne gruppa?

– Her vil sikringa av fiskerihamna vere tema. Sjøbunnkartlegging går føre seg i dag, og neste veke skal det vere ei grunnboring av sjøen. Det er fleire tiltak som er gjennomført og som skal gjennomførast framover.

Ikkje klare samanhengar med tunnelarbeid

Det har også blitt arrangert eit folkemøte kor innbyggjarane i bygda kunne få informasjon om arbeidet vidare framover, og mange hadde naturleg nok spørsmål om det som hadde skjedd. Nærmare 100 personar dukka opp på folkemøtet, og fagfolk og folk frå kommunen kunne svare på spørsmåla innbyggjarane måtte ha.

– Kva lurte folk på?

– Mange lurte på om det er trygt å bu her. Fleire var også naturleg nok opptatt av fiskerihamna og båtane sine, for folk har store verdiar som må bli tatt vare på.

– Fekk dei svar?

– Ja, det trur eg. Det blei avkrefta at det var eit kvikkleireras, det var eit undersjøisk jordras. Og så kom det fram at det ikkje er klare samanhengar med tunnelarbeidet som har gått føre seg og sprengingane som er gjort. Det kom ganske klart fram.

Det er framleis ei tid til dei kan seie kva som var årsaka til raset. Det kan også gå små ras langs raskanten, og derfor er det sett opp rassperringer.

– Vi ber publikum vere observant og ta omsyn til dette, seier Andersen, som også forsikrar at det no skal vere trygt å køyre langs E6.