Ole Einar Bjørndalen hoppa elegant frå sin eigen sport til sjakk då han fekk spørsmål om eigen løpsplan for jaktstarten søndag.
– Nei, no berre spelar vi sjakk på laget, svarte ein skiskyttarveteran i godt humør.
– Du følgjer med?
– Ja ja, eg må jo det.
– Eg skjønar ingenting av det dei held på med, men eg er i mitt første parti mot Henrik (L'Abée-Lund) no. Så eg har snart tatt han, mitt første parti noko sinne, fortel ein fornøgd Bjørndalen.
For trenden er tydeleg, både blant det norske folk og i skiskyttarleiren:
– No spelar alle sjakk, slår Bjørndalen fast.
Laurdag ettermiddag vann Magnus Carlsen på ny i India då han feia Vishy Anand av brette med svarte brikker.
- Les også:
– Imponerer og inspirerer
For Bjørndalen blei det nesten triumf i sesongopninga på Sjusjøen. Han blei berre slått av Emil Hegle Svendsen. Også han ville gjerne vite korleis det hadde gått med Magnus Carlsen i India.
– Eg følgjer med som berre det. Eg synest det er vanvitig imponerande, det er utruleg kva han presterer, sa Hegle Svendsen etter sigeren sin.
Magnus Carlsen leiar 4–2 etter seks parti mot Vishy Anand. Fredag og laurdag vann han etter å ha mala sin indiske motstandar i senk.
– Han er av ei anna verd. Sånne ting imponerer og inspirerer veldig, kunne trønderen fortelje.
Skiskyttarane har følgt Carlsen sin VM-kamp på TV den siste veka, men ikkje alle tør prøve seg på sjakkbrettet.
– Nei, eg er ikkje smart nok til å vere ein ordentleg god sjakkspelar. Eg har det meir i kjeften enn i hovudet, humra Emil Hegle Svendsen, før sjakkpraten gjekk tilbake til skiskyting.
- Les også: