11. juni, 2010: Karol Bielecki og Polen speler treningskamp mot Kroatia, og Bielecki får fingen til ein motstandar i auge. Skaden er så alvorleg at han mister synet på det venstre auge.
19. januar, 2016: Bielecki og Polen slår regjerande verdsmeister Frankrike, 31–25. Bielecki scorar sju mål. Totalt har han scora 14 så langt i EM.
Med unntak av den karakteristiske maska er det ingenting som tyder på at 33-åringen er blind på eitt auge. Under VM i fjor hjelpte han Polen til bronsemedalje, med siger over Spania i bronsefinalen.
- Les også:
Merker ikkje at han er blind
No vil Bielecki vinne EM på heimebane med Polen, og første hindre på vegen er Norge. Laga møtes i Tauron Arena i Krakow, der over 15,000 polske fans vil heie fram Bielecki og resten av laget i den viktige kampen mot Norge.
NRKs handballekspert, Håvard Tvedten, har spelt mot Bielecki fleire gongar – både før og etter skaden.
– Ein merker det ikkje på han. Han speler vidare som om ingenting har skjedd og han er like god som han var før skaden, seier Tvedten.
– Han ser ikkje like godt ut til venstre, men skotet og alle dei andre ferdigheitene hans er på same nivå som det var før skaden. Mange trudde han aldri ville spele handball igjen, og det han gjer er imponerande, legg Tvedten til.
Onsdag reiste det norske laget frå Katowice til Krakow med politieskorte. Der dei skal møte Polen, Frankrike og Makedonia.
– Det vert ein tøff duell med han (Bielecki). Han viser at han er ein fantastisk spelar, seier Norges Sander Sagosen til NRK på veg inn i bussen, retning Krakow.
Norge og Polen er dei to laga i gruppa som har med seg fire poeng frå det innleiande gruppespelet inn i mellomrunden. Sist Norge møtte Polen til kamp vart det norsk jubel (sjå faktaboks).
Myrhol retur
Bjarte Myrhol spelte saman med Bielecki i Rhein Neckar Löwen gjennom fleire sesongar.
– Eg tar av meg hatten for Karol. Han har vore gjennom ting som ein ikkje unner nokon. At han har prestert så bra under EM på heimebane er godt å sjå for ein kompis, seier Myrhol til NTB.
Myrhol har sett mesteparten av EM frå sidelinja, etter at han fekk eit djupt kutt mellom to fingrar i opningskampen. At Norge enda opp som gruppevinnar gjer at dei speler mot Polen laurdag, og til den kampen håpar Myrhol at han er speleklar igjen.
- Les også: