Tvedten om EM-sluttspelsreglane: – Eit hjelpelaust system

Norge kan i kveld ta seg til mellomrunden i EM med fire poeng, eller dei kan måtte pakke kofferten og reise heim. For å forstå reglane for avansement frå gruppespelet må ein halde tunga rett i munnen.

Norge

MANGE UTFALL: Norge jublar for siger mot Kroatia. I kveld kan dei få meir å juble for, om dei klarar å slå Kviterussland.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

For å ta det viktigaste først. Om Norge slår Kviterussland i kveldens kamp er dei vidare til mellomspelet, uavhengig av korleis det går i den andre kampen mellom Island og Kroatia.

Det store spørsmålet er då kor mange poeng Norge får med seg vidare inn i mellomrunden.

I kvar gruppe går tre av fire lag vidare til mellomrunden, og dei tar med seg poeng og målforskjell frå den innleiande runden.

Som faktaboksen viser er det mange mogelege utfall av kveldens kampar, og Norge kan faktisk ta seg vidare både med siger, uavgjort og tap.

Rauk i 2012

NRKs handballekspert, Håvard Tvedten, har fått kjenne på korleis systemet det europeiske handballforbundet brukar i EM kan slå ut.

Robert Hedin

SKUFFA: Robert Hedin var trenar for Norge då dei rauk ut av EM i 2012. Han var ein skuffa mann etter at Norge tapte siste kamp mot Kroatia.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Det er eit heilt hjelpelaust system. Eg var på laget som vart utsett for misbruk av reglane i 2012. Ein blir forbanna når sånt skjer, seier Tvedten.

Situasjonen han siktar til skjedde i siste runde av gruppespelet, under EM i Serbia i 2012. Slovenia var i føringa med fire mål mot Island, men sleppte inn to mål med vilje for å kunne ta med seg to poeng inn i mellomrunden.

Norge tapte den siste kampen i gruppespelet mot Kroatia og enda med det sist i gruppa.

– Det er ikkje bra for idretten når eit regelverk gjer at det ikkje alltid lønnar seg å vinna kampar med størst mogeleg margin, seier Tvedten.

Vil ha regelendring

I fotball går alltid avgjerande kamp i gruppespel samtidig. Slik er det ikkje i handball.

Håvard Tvedten

TAPTE I 2012: Håvard Tvedten var med på laget som rauk ut av EM i Serbia i 2012, etter at Slovenia spelte på resultat for å få med seg flest mogeleg poeng inn i mellomrunden.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

I kveld speler Norge først mot Kviterussland klokka 18.15, medan kampen mellom Kroatia og Island byrjar klokka 20.30.

Det gjer at både Island og Kroatia kan spele på Norges resultat, og eit døme på kva konsekvensar det kan få, får du her.

Speler Norge uavgjort mot Kviterussland, er dei vidare. Men for Kviterussland kan det bety at dei går vidare med heile tre poeng – om Island vinn sin kamp. Om Island speler uavgjort er dei slått ut.

Det internasjonale handballforbundet arrangerer VM. Der går laga rett i utslagsrundar etter gruppespelet. Det trur Tvedten er løysing for EM og.

– Mitt forslag er fleire lag i kvar gruppe i innleiande runde og færre grupper. Då får ein fleire kampar i gruppespelet, og så møter vinnaren av kvar gruppe det dårlegaste laget frå den andre gruppa i utslagsrunden. På denne måten vil laga spele for siger i kvar kamp, då det vil gje enklare mostand i utslagsrundane, seier Tvedten.

Siste nytt

  • Sikter mot tilskuerrekord i EM

    Spania planlegger for 68.000 tilskuere i finalekampene i EM-sluttspillet i håndball for menn i 2028. Tilskuerfesten vil i så fall finne sted på Atletico Madrids hjemmebane. Det er den spanske avisen Marca som melder dette.

    Verdensrekorden for tilskuere på en håndballkamp er 44.189 og ble satt i en kamp mellom Rhein-Neckar Löwen og Hamburg i 2014. Spanjolene søker om mesterskapet sammen med Portugal, og tildelingen skjer i november. Også Norge, Sverige og Danmark søker om mesterskapet i 2028.

    Håndball EM herrer 2020
    Foto: Vidar Ruud / NTB
  • Ruud kan få sitt første Murray-møte

    Casper Ruud har walkover i første runde av ATP-turneringen i San Diego og kan møte en aldrende tennislegende allerede i andre runde.

    Tidligere verdensener Andy Murray, nå rangert som nummer 109 i verden, møter japanske Kei Nishikori i første runde. Japaneren er favoritt, men skulle Murray vinne kan han møte Ruud i andre runde. De to har aldri møttes før.

    Ruud er blant favorittene i ATP 250-turneringen og er andreseedet. Andrej Rublev er førsteseedet.

    Laver Cup 2021 - Day 1
    Foto: Clive Brunskill / AFP
  • Gir seg som landslagstrener

    Pål Anders Ullevålseter har vært landslagstrener i enduro i åtte år, men har sagt opp stillingen sin i Norges Motorsportforbund, melder NTB.

    – Alt har sin ende og nå føler jeg for å tenke litt annerledes. Jeg vil ønske NMF og norsk motorsport lykke til videre, men motorsporten blir nok ikke helt kvitt meg, sier Ullevålseter i en pressemelding.

    NM-Veka 2020
    Foto: Fredrik Hagen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal