Amerikanarane set strenge krav for å sleppe inn folk som er straffedømde. Northug vart torsdag
for fyllekøyringa som enda i bilkrasj i mai.Det kan ikkje berre gjere det vanskeleg for Northugs framtidige planer om å delta i langrenn i USA, det kan også setje bom for hans pokerdeltaking i turneringar i Las Vegas.
– Alle søknadene om visum blir behandla individuelt, og det kan variere veldig frå sak til sak, seier medierådgivar Marit Andersen ved den amerikanske ambassaden i Oslo til
.På
står det at personar som tidlegare er dømde, må gjennom ein spesiell prosedyre for å sleppe inn i USA. I tillegg til at dei må ha referansar frå både politi og fengsel, må dei også gjennom eit intervju for å sleppe inn.Dette hindrar ikkje nødvendigvis tidlegare straffedømde å kome inn i USA, men gjer søknadsprosedyren mykje meir omfattande og tidkrevjande.
Andersen vil ikkje kommentere Northugs tilfelle spesielt.
– USA vurderer dette etter skjønn. Dei kan nekte dersom det gjeld brotsverk som amerikanarane ser på som moralsk forkastelege, seier advokat John Chr. Elden.
Han trur ikkje promilledommen åleine ville nekta Northug innreise.
– Men den falske påstanden om at det var kameraten som køyrde, ville kanskje vore alvorlegare for deira vurdering, seier han.